Kvardagsveske til under 200-lappen

21.09.2017 - 14:11 2 kommentarer

Processed with VSCO with e4 preset

Eg har lenge vore på leit etter ei kvardagsveske som rommar både mac og kamera, og gjerne ei bok eller to. Da eg tilfeldigvis kom over denne her veska på Zara var det kjærligheit ved første blikk. Den var jo akkurat sånn eg hadde sett for meg. Klassisk, tidlaus, den perfekte størrelsen og veldig fin! 

Processed with VSCO with e4 preset

Veska er så fin og praktisk at den passar til absolutt alt og alle anledningar. Her har du ei veske som er perfekt å ha med seg på reise, på skulen, på møtet eller til ein bedre middag ute på byen. Eg er ganske sikker på at denne veska blir ein god venn framover! 

Processed with VSCO with e4 preset

Du finner veska i butikk eller på zara.com, og den har ein fantastisk pris på 199 kroner! Det er sånt som ein fattig student lett ropar hurra over.

Har du funnet den perfekte kvardagsveska?

Ein perfekt miks mellom billig og dyrt

19.09.2017 - 12:22 2 kommentarer

Processed with VSCO with a6 preset

Eg kan late som om det er ein bevisst handling å mikse billig og dyrt, men sannheiten er jo at klesskapet mitt består av 90% som kostar fra 199 til 499. Der 70% av dei plagga har følgt meg sidan ungdomsskulen. Skjørtet er eit godt eksempel, og eg kan faktisk ikkje huske kor mange år det er. Gensaren derimot kjøpte eg i fjor på BikBok til 79 kroner. Eit perfekt kupp!

Processed with VSCO with e4 preset

Det er jo nettopp dette eg synst er så kjekt med stil og mote. At alt er lov, og det kun er kreativiteten og fantasien som setter grenser. Eg veit ikkje kor mange gangar eg har sett kule jenter på instagram der eg har tenkt at ting sikkert kostar både 10-15 tusen, men seinare har oppdaga at det faktisk blei kjøpt på HM eller Zara.

Processed with VSCO with e4 preset

Det eg derimot synst er viktig å ha litt fokus på er dette med å begrense seg litt. Me lever jo i eit samfunn med ekstremt stort kjøpe-press, men det er viktig å huske på at ein kanskje ikkje trenger absolutt alt. Kan ærleg sei eg blir litt "forfjamsa" når eg ser enkelte jenter på instagram poste bilder med nye klær kvar dag. Ein burde kanskje ha litt meir klær enn meg, men trenger ein virkeleg 20 forskjellige jakker og minst like mange bukser?

Processed with VSCO with e4 preset

Eit lite tips er å gå rundt i butikkar, prøve og sjå på ting, for å så gå heim. Da vil ein fort merke om det var noke ein burde ha kjøpt med seg, eller om det ikkje var så nøye allikevel. På den måten ender ein opp med ting som faktisk er tenkt gjennom, og kan brukast til fleire antrekk, istaden for ein fin ting som gjerne ikkje blei brukt meir enn ein eller to gangar. 

Den største trenden i høst

18.09.2017 - 21:26 2 kommentarer

Eg kom over ein artikkel der det stod at neglelakk er den største trenden i høst, og det gjer meg så glad. For er det noke som er kult så er det fargerike og lekre negler. Den siste tiden har du kanskje sett at det har vore inn å ha forskjellige fargar på neglene, og det synst eg er så morsomt, rett og slett fordi det minna meg så mykje om når eg begynte å lakke neglene. Da var alle neglene malt i forskjellige fargar, og eg kunne ikkje ha følt meg meir voksen eller kul, for neglelakk var jo tross alt noke mamma brukte. 

Eg føler meg kanskje ikkje like voksen når eg puttar på neglelakk lenger, men jammen føler eg meg mykje bedre enn om eg går utan. Det er rart korleis ein så liten detalj kan ha så mykje å sei for både humør, antrekk og stil. Det er nesten sånn at eg føler meg naken utan. 

Etter ein heil sommar og tidelig høst med røde negler trengte eg no noke heilt anna, og da falt valget på dei her to fra Londontown. Nydelige fargar og perfekt mot høst. Eit anna stort pluss med lakkane er at dei sitter godt, er lette å legge og har ein fin pris på 179 kroner stykk, om eg ikkje huskar feil. Da har ein gjerne råd til både ein og to, om ikkje tre! 

Har du prøvd neglelakkar fra Londontown?

Oslos beste kakao

14.09.2017 - 22:58 28 kommentarer

Processed with VSCO with a6 preset

På ein mørk og våt høstdag er det ingenting som er så godt som å kose seg inne med ein god og varm kopp kakao. Gjerne toppa med både krem og marshmallows. Derfor passar det meg heilt perfekt at den beste kakao i Oslo kun er eit par skritt unna leiligheiten. 

Processed with VSCO with a6 preset

Litt gjømt på hjørnet attmed Grünerløkka skule finner du Cocoa. Norges første og einaste kakao-bar. Lokalet er lite og intimt, men heilt perfekt for ein date, venninnehygge eller ein plass for å slå av eit par timar med ei god bok eller jobb. 

Processed with VSCO with a6 preset

Dei har mange forskjellige typar kakao med forskjellige smakar og toppingar, men min favoritt så langt er klassisk kakao toppa med marshmallows. Den er fantastisk! I tillegg til kakao har dei godt utvalg av både kaffe, milkshake, smoothie og små-rettar. Så om du derimot er litt svolten er det nok av fristelsar her også.

Processed with VSCO with a6 preset

Kanskje du allerede har lagt merke til det, men viss du kikkar godt på det første bilde vil du sjå eit lite skilt der det står express-bar. Dei har nemleg ei søt lita luke i veggen sånn at du kan bestille med deg ein kopp kakao eller kaffe på farten. Genialt, ikkje sant?

Har du besøkt Cocoa?

Fargerik høst

12.09.2017 - 13:51 9 kommentarer

Processed with VSCO with a4 preset

Dei fleste som kjenner meg veit at eg er veldig glad i svart, og kan gjerne bruke det fra topp til tå. Denne høsten har eg derimot bestemt meg for å bruke litt meir fargar. I alle fall prøve! Det er jo så fint med litt fargar, og så kan ein jo ikkje komme vekk fra at det gjer noke med humøret på ein grå dag. Denne gensaren gjekk eg tilfeldigvis forbi på Mango, og det var kjærligheit ved første blikk. 

Processed with VSCO with j2 preset

I tillegg til denne plukka eg eg med meg ein lik, men i grønn. Dei er perfekte til både jeans, vide bukser slik som eg har på meg her, over kjole eller til skjørt. Med andre ord ein gensar til det aller meste. Eg valgte å pynte antrekket litt med store øyredobbar, og synst det blei ganske kult. Dei er fra HM, men desverre mange år gamle. 

Gensaren finner du i butikk eller på mango.com, og prisen er 199 per stykk. 

Sensitiv hud? Sjå her!

10.09.2017 - 17:47 6 kommentarer

Det er søndag, og tid for ansiktsmaske. Denne gangen tenkte eg at eg skulle tipse om Evercalm Ultra Comforting Rescue Mask fra REN. Det er ikkje så veldig lenge sia den dukka opp i butikkhyllene, og den har vore ein favoritt hos meg sidan. Den er heilt genial! 

Maska er perfekt for deg som har stressa og sensitiv hud. Med andre ord - dei fleste av oss! Den er beroligande, reduserar rødheit, kløe og irritasjon i huden, samtidig som den er både gjennoppbyggande og gir masse fuktigheit. I tillegg er den heilt perfekt viss du er solbrent, når du er ute å flyr, eller vore ute i kaldt og surt vær. Noke me desverre har mykje av her i Norge. Anten det gjelder surt vær på Vestlandet, eller ein litt for kald vinterdag her på Østlandet. 

Eit anna stort pluss er at den ikkje er så veldig dyr heller. Det er noke av det eg elskar med produkta fra REN, veldig gode produkt til ein veldig grei pris! 

Bruk:

Påfør ein god mengde på nyrensa hud

La den virke i 10-15 minutter

Vask forsiktig av med ein bomullpads eller ein fukta vaskeklut

Avslutt med din vanlege hudpleierutine. 

Den kan brukast opp til tre gangar i veka, eller ved behov.

Har du prøvd denne? Eller andre produkt fra REN?

Verdens beste maskara!

07.09.2017 - 22:39 6 kommentarer

Processed with VSCO with hb1 preset

Diorshow Iconic Overcurl blei lansert for ein del år tilbake, og har vore min favoritt sidan. Den gir superfin lengde, volum og den finaste bøygen på vippene ein kan tenke seg. Sidan eg har brukt den i så mange år følte eg for å bytte den ut i vår, og prøvde både ein, to og tre andre, men eg endte faktisk opp med å gå tilbake til den her kvar einaste gang. Den er rett og slett heilt fantastisk, og gir meg alt eg ønsker fra ein maskara. Eit anna stort pluss er at eg aldri har opplevd at den drysser. 

Processed with VSCO with hb1 preset

Eg vil faktisk gå så langt å kalle det her verdens beste maskara, vertfall om du liker den type børste og dei litt "tørrare" typane, slik som dior er.

Har du prøvd den? Isåfall kva synst du?

Svar på spørsmål

07.09.2017 - 18:34 4 kommentarer

Q: Eg lurte på om du har studert/studerar og eventuelt kva?

A: Eg studerar markedsføringsledelse på BI her i Oslo. Eg brukte veldig lang tid på å finne ut kva eg skulle studere, men landa på det her. Eg er fortsatt ikkje sikker på om det er det rette valget, men håpar det viser seg med tiden. Det som er veldig greit med å studere markedsføring er at det er ein veldig generell utdanning, og dermed kan ein gå videre litt andre vegar etterpå. Synst BI er ein veldig bra og fin skule, det einaste minuset er at det kan vere veldig vanskeleg å bli kjent med nye mennesker. 

Q: Kva har du lyst å bli når du blir "stor"?

A: Eg veit ikkje kor mange gangar eg har stilt meg akkurat det spørsmålet der. Mens mange av vennenne mine er ferdig med både ein og to utdanningar, er eg ikkje sikker på om eg valgt rett utdanning eingang. Alltid før når eg var yngre ville eg jobbe som fotograf. Så kom tiden der me produserte eit motemagasin, og det vart min nye store drøm. No flyter eg derimot rundt mellom det eine og det andre. Det eg veit er at eg elskar sosiale media, foto, tekst, mote, reising, og skjønnheit. Så viss det hadde gått an å fått ein jobb der eg fekk drive med ein miks av dei tinga der, eller ein av dei, så er eg ganske fornøygd!  

Q: Korleis er Oslo i forhold til der du kjem fra?

A: Godt spørsmål! Eg kjem jo fra ei lita bygd der alle kjenner alle, og det kan både vere positivt og negativt. Det er koselig å kunne gå på butikken der du både kjenner ho som sitter i kassen og han som står bak deg i køen. Du føler deg alltid trygg og aldri aleine, om det går an å sei. Her i Oslo er det jo ikkje sånn, vertfall ikkje for meg. Her er eg berre ein av mange tusen, og heilt anonym. Det er på mange måtar godt det også, for det er jo ingen som bryr seg om kva du gjer, kva du har på deg eller kven du er med. Noke folk på bygda gjerne henger seg opp i. Likevel er det kanskje lett å føle seg litt aleine. Ellers er det litt vanskeleg å sammenlikne ein by og ei lita bygd. Eg kosar meg veldig her i Oslo, men det er sjølvsagt alltid ting eg saknar med Leikanger. 

Q: Kan du beskrive deg sjølv med tre ord?

A: Eg er ikkje så glad i sånne type spørsmål, men eg svarar snill, omsorgsfull og kreativ. 

Q: Kva drøymer du om?

Ein kunne nesten stilt spørsmål om kva eg ikkje drøymer om. Eg er virkeleg den personen som kan sitte i fleire timar å drøyme om alt mulig. Ein dag så har eg lyst å selge leiligheiten, kjøpe ein van og reise rundt i Europa, mens den andre dagen har eg lyst å flytte til NYC for å studere og jobbe. Den drøymen som aldri forandrar seg er det å skape noke eige. Noke som er mitt. Noke som eg har fått til. På videregåande produserte eg og tre andre jenter eit motemagasin, og det å stå med det i hendene var ein heilt fantastisk følelse. Den følelsen vil eg gjerne oppleve igjen.

Q: Leser du nokre blogga? Isåfall kva slags?

A: Det er desverre ikkje kvar dag eg har tid til å lese blogg, men når eg først har tid synst eg det er veldig kjekt! Noken av mine favorittar er Camilla Pihl, Emilie Tømmerberg, Ida Wullf, Karoline Smådal, Janni Deler, Ingrid Bjugan, Annette Haga, og sjølvsagt dei eg kjenner som bloggar! Det er veldig mange flinke personar der ute, som gjerne skulle fått enda meir oppmerksomheit enn dei gjer. 

Q: Kva er dine favorittar på instagram?

A: Her tenkte eg at eg kunne lage litt innlegg utover høsten med favorittar innen dei ulike sjangerane, høyres det ok ut? Det er så sjukt mange fine og inspirerande mennesker der ute! 

Q: Kva slags parfyme brukar du? 

A: Eg elskar duft, og har litt for mange favorittar. Viss det er ønskelig kan eg gjerne lage litt innlegg framover om akkurat dette her! Eg har jobba med parfyme i nesten åtte år no, og har kanskje dermed litt tips å komme med. Til både gutar og jenter. 

Bali Guide - del 2

06.09.2017 - 22:04 Ingen kommentarer

Etter Uluwatu stod Ubud for tur. Ein plass som me hadde høyrt veldig mykje om, og som me var både spente og nysgjerrige på å utforske. Ville plassen leve opp til forventningane? Svaret er både ja og nei.

Processed with VSCO with e7 preset

Fra Uluwatu til Ubud reiste me med taxi. Det var relativt greit sett vekk i fra sjukt masse trafikk, og mangen nesten-ulykker, men det trur eg ein må forvente når ein er i trafikken i Bali. Det MÅ opplevast! I Ubud hadde me booka rom på Champlung Sari. Hotellet ligger veldig sentralt til som nabo til Monkey Forrest, og er dermed heilt perfekt for deg som vil komme tett på dyrelivet i Bali. Her går det alltid aper rundt, og dei forsyner seg gjerne med det dei får tak i. For eksempel var det ei dame som blei frastjålne badeskoa sine mens ho svømte. Kva skal vel ein apekatt med badesko?! Det er også heilt umuleg å sitte på verandaen å for eksempel ta seg ei brus, da kjem dei hoppande fra eit tre. Så om du derimot vil ha avslapping og luksus er ikkje dette plassen for deg. Da ville eg heller ha sjekka alle dei fantastiske hotella som ligger litt utafor sentrum. 

Processed with VSCO with a9 presetProcessed with VSCO with j5 preset

Ubud er ein rar miks mellom støy og mas, og avslappande og vakkert. Det er mykje støy, trafikk som aldri stoppar og spørsmål om massasje eller taxi for kvar meter du går. Likevel vil du finne sjarmerande butikkar, koselige kafear, sjarmerande marker og verdens beste taco på Taco Casa. Om du derimot bevegar deg ut av sentrum vil du finne dei magiske plassane du ser på instagram. Tegalalang Rice Terrace og Campuhan Ridge Walk er absolutt å anbefale, men skal du besøke plassane så gjer det om morningen, eller seint på kvelden. Midt på dagen er det fullt i turistar, og du går rett og slett i kø. Om du derimot får plassane for deg sjølv er det heilt magisk. 

Processed with VSCO with j2 presetProcessed with VSCO with a9 presetProcessed with VSCO with a6 presetProcessed with VSCO with a9 preset

Ubud er heilt fantastisk og unikt på mange måtar, men på ein anna måte er det lett å bli litt skuffa. Ting er gjerne ikkje sånn som det ofte kan virke når ein skrollar nedover på instagram eller leser på bloggar, og mange av dei største turist-attraksjonane har blitt relativt øydelagte av turistane. Trist, men sant. Likevel er Ubud eit must å besøke når ein er i Bali, men 2-3 dagar er absolutt nok. Me hadde fem, og det var gjerne tre dagar for mykje. Du rekker over veldig mykje på ein dag. 

Følg med videre på del 3. 

Bli litt bedre kjent med meg!

05.09.2017 - 14:16 5 kommentarer

Siden det har vore veldig lite personleg blogging fra meg dei siste åra tenkte eg at eg kunne starte denne nye bloggen med ein spørsmålsrunde. Det tenker eg er ein fin måte å få oppdatere seg på kva eg driver på med, og for nye lesera å bli litt bedre kjent med meg. Så legg igjen ein kommentar med det du eventuelt måtte lure på, eller om du har ønsker til innlegg framover!

Ansiktsmaske

04.09.2017 - 00:02 4 kommentarer

Processed with VSCO with hb2 preset

Det beste med søndagar er at det endeleg er tid for avslapping og eigenpleie. For meg betyr det gjerne eit magasin, ein smoothie og ei god ansiktsmaske. Denne  maska fra Elisabeth Arden Pro fekk eg for første gang for to år sidan i gave fra kjæresten min, og har blitt ein av mine absolutte favorittar. Den gir masse fuktigheit, samtidig som den gjer huden både jevnare og smidigare. Det som skjer når ein brukar produkt som gir masse fuktigheit er at det mettar ut mellomhuden, som igjen vil redusere synlegheiten av rynker og linjer. Med andre ord heilt perfekt etter ei travel veke med både skule og jobb. 

Bruk: 

Påfør eit tjukt lag på nyrensa hud

La den virke i 10-20 minutter

Vask forsiktig av med vatn

Avslutt med din vanlege hudpleierutine. 

Den kan brukast 1-2 ganger i veka, eller alt etter behov, og passar for alle hudtypar. Til og med på min super-sensitive hud. 

hits