Bali guide - del 1

01.09.2017 - 15:48 Ingen kommentarer

Kor skal eg eigentleg begynne? Bali var heilt fantastisk. Det er så utruleg mange vakre plassar der, og så mykje å både gjer og sjå. Me hadde i utgangspunktet to veker, men to veker blei plutseleg til tre. Likevel følte me oss ikkje "ferdige" eller klare til å reise heim i det heile. Så husk å ha litt tid, spesielt om du vil oppleve fleire plassar. Sjølv om Bali var veldig spennande og flott, var det veldig slitsomt. Eg trur dei som har vore der kan kjenne seg igjen i det eg skriver. Eg har aldri vore ein plass der folk har vore så pågåande, eller ein plass med så sinnsjukt mykje trafikk. Likevel hadde me ein heilt super ferie, og Bali er faktisk eit must å oppleve ein eller anna gang iløp av livet.

Processed with VSCO with e2 preset

Uluwatu

Den første destinasjonen i Bali var Uluwatu. Der hadde me booka rom på Suarga Resort Padang Padang Beach. Eg trur det einaste ordet som kom ut av munnen vår når me endeleg kom fram var " wow ". Eit utruleg vakkert og unikt hotell med den mest magiske utsikten ein kan tenke seg! Rommet vårt blei oppgradert til ein villa, og me hadde det heilt perfekt. På hotellet har dei også ein restaurant som me faktisk endte opp med å ete på omtrent kvar kveld(!). Rett og slett fordi maten var så sinnsjukt god, og fordi hotellet ligger litt vanskeleg til, og ein er avhengig av scooter eller taxi for å bevege seg rundt. Som det aller meste i Uluwatu.

Processed with VSCO with e4 preset

Processed with VSCO with e2 presetProcessed with VSCO with c8 presetProcessed with VSCO with a6 preset

Naturen og landskapet er heilt unikt i Uluwatu, og det er der ein finner dei flotte strendene. Me besøkte blant anna Padang Padang beach og Dreamland Beach. Sjølv om strendene er veldig flotte er det ikkje hit du reiser for å bade. Faktisk bada eg ikkje her i det heile. Bølgene er på størrelse med fjell, og det passar seg absolutt best til surfing. Men soling derimot, det har ein mykje tid til her! Eit lite tips er å komme relativt tidelig på dei mest populære plassane for det fyller seg fort opp. Spesielt Padang Padang beach.

Processed with VSCO with c1 presetProcessed with VSCO with e6 preset

Ellers er Uluwatu ein veldig rolig plass. Folk er der somregel for å slappe av, på bryllupsreise eller for å surfe. Er du på tur for å feste eller på tur med vennegjengen ville eg heller kikka på ein anna destinasjon som base, og heller ta dagsturar til Uluwatu. Me blei derimot heilt forrelska, og angra på at me ikkje tok oss enda meir tid der. Ein ting er vertfall heilt sikkert, me skal tilbake eingang!

Processed with VSCO with a9 presetProcessed with VSCO with a9 preset

Følg med videre på del 2.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits