Bali Guide - del 2

06.09.2017 - 22:04 Ingen kommentarer

Etter Uluwatu stod Ubud for tur. Ein plass som me hadde høyrt veldig mykje om, og som me var både spente og nysgjerrige på å utforske. Ville plassen leve opp til forventningane? Svaret er både ja og nei.

Processed with VSCO with e7 preset

Fra Uluwatu til Ubud reiste me med taxi. Det var relativt greit sett vekk i fra sjukt masse trafikk, og mangen nesten-ulykker, men det trur eg ein må forvente når ein er i trafikken i Bali. Det MÅ opplevast! I Ubud hadde me booka rom på Champlung Sari. Hotellet ligger veldig sentralt til som nabo til Monkey Forrest, og er dermed heilt perfekt for deg som vil komme tett på dyrelivet i Bali. Her går det alltid aper rundt, og dei forsyner seg gjerne med det dei får tak i. For eksempel var det ei dame som blei frastjålne badeskoa sine mens ho svømte. Kva skal vel ein apekatt med badesko?! Det er også heilt umuleg å sitte på verandaen å for eksempel ta seg ei brus, da kjem dei hoppande fra eit tre. Så om du derimot vil ha avslapping og luksus er ikkje dette plassen for deg. Da ville eg heller ha sjekka alle dei fantastiske hotella som ligger litt utafor sentrum. 

Processed with VSCO with a9 presetProcessed with VSCO with j5 preset

Ubud er ein rar miks mellom støy og mas, og avslappande og vakkert. Det er mykje støy, trafikk som aldri stoppar og spørsmål om massasje eller taxi for kvar meter du går. Likevel vil du finne sjarmerande butikkar, koselige kafear, sjarmerande marker og verdens beste taco på Taco Casa. Om du derimot bevegar deg ut av sentrum vil du finne dei magiske plassane du ser på instagram. Tegalalang Rice Terrace og Campuhan Ridge Walk er absolutt å anbefale, men skal du besøke plassane så gjer det om morningen, eller seint på kvelden. Midt på dagen er det fullt i turistar, og du går rett og slett i kø. Om du derimot får plassane for deg sjølv er det heilt magisk. 

Processed with VSCO with j2 presetProcessed with VSCO with a9 presetProcessed with VSCO with a6 presetProcessed with VSCO with a9 preset

Ubud er heilt fantastisk og unikt på mange måtar, men på ein anna måte er det lett å bli litt skuffa. Ting er gjerne ikkje sånn som det ofte kan virke når ein skrollar nedover på instagram eller leser på bloggar, og mange av dei største turist-attraksjonane har blitt relativt øydelagte av turistane. Trist, men sant. Likevel er Ubud eit must å besøke når ein er i Bali, men 2-3 dagar er absolutt nok. Me hadde fem, og det var gjerne tre dagar for mykje. Du rekker over veldig mykje på ein dag. 

Følg med videre på del 3. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits