Den største trenden i høst

18.09.2017 - 21:26 2 kommentarer

Eg kom over ein artikkel der det stod at neglelakk er den største trenden i høst, og det gjer meg så glad. For er det noke som er kult så er det fargerike og lekre negler. Den siste tiden har du kanskje sett at det har vore inn å ha forskjellige fargar på neglene, og det synst eg er så morsomt, rett og slett fordi det minna meg så mykje om når eg begynte å lakke neglene. Da var alle neglene malt i forskjellige fargar, og eg kunne ikkje ha følt meg meir voksen eller kul, for neglelakk var jo tross alt noke mamma brukte. 

Eg føler meg kanskje ikkje like voksen når eg puttar på neglelakk lenger, men jammen føler eg meg mykje bedre enn om eg går utan. Det er rart korleis ein så liten detalj kan ha så mykje å sei for både humør, antrekk og stil. Det er nesten sånn at eg føler meg naken utan. 

Etter ein heil sommar og tidelig høst med røde negler trengte eg no noke heilt anna, og da falt valget på dei her to fra Londontown. Nydelige fargar og perfekt mot høst. Eit anna stort pluss med lakkane er at dei sitter godt, er lette å legge og har ein fin pris på 179 kroner stykk, om eg ikkje huskar feil. Da har ein gjerne råd til både ein og to, om ikkje tre! 

Har du prøvd neglelakkar fra Londontown?

2 kommentarer

Sunniva

19.09.2017 kl.10:34

Så fine farger <3 Har ikke prøvd neglelakker fra Londontown, hvilke butikker selger de? :D

monicaflatland

19.09.2017 kl.11:46

Sunniva: Skal me sjå: Apotek1, Fredrik og Louisa og diverese andre apotek viss eg ikkje tenker feil. Trur også Skin Tonic parfymeri kan ha dei :D

Ha ein superfin dag! <3

Skriv en ny kommentar

hits