Oslos beste acai bowl

26.09.2017 - 23:20 Ingen kommentarer

OLYMPUS DIGITAL CAMERA Processed with VSCO with a6 preset

Er det ein ting eg alltid har synst har vore litt kjedelig med Oslo er det utvalget av digge plassar å kjøpe lunch. Sjølvsagt har byen mykje bra, men eg sakna dei plassane med digge og sunne ting. Derfor vart eg så glad når the Juicery åpna på Frogner for ei stund tilbake. Det var akkurat ein sånn plass eg sakna. 

Processed with VSCO with a6 preset

The Juicery har superdigge smoothies, juicar, salatar og sist men ikkje minst smoothie bowls/acai bowls. Eg pleier alltid å kjøpe classic acai bowl når eg er innom, men denne gangen endte eg opp med ein litt søtare versjon, og den var supergod! Faktisk så god at eg ikkje veit kven av dei eg skal kjøpe neste gang. Luksusproblem! 

Processed with VSCO with a6 preset

For litt sidan åpna The Juicery på Egertorget også, noke som passa meg heilt perfekt. Litt nærmare, og litt kjappare for å skaffe seg ein digg lunch. I tillegg er dei bak kassen alltid så smilande og hyggelige, og det gjer noke med heile opplevelsen.

Så er du i Oslo og vil ha ein kjapp og digg lunch, sjekk gjerne ut The Juicery. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits