Smoothiebowl på to minutter

12.10.2017 - 18:26 Ingen kommentarer

Processed with VSCO with e4 preset

Det er ingenting som slår ein god smoothiebowl, og eg skulle gjerne ha reist på The Juicery kvar gang lysten melder seg, men desverre er ikkje lommeboka og kontoen heilt med på den ideen. Det som derimot er ein veldig god erstattar er den her. Den tar meg ca to minutter å lage, og prisen er veldig fin. No kjøpte eg frosne blåbær og jordbær, 5 stk banan, blåbær, bringebær og ein laktosefri yoghurt og betalte rundt 100 lappen. Det synst eg er veldig ok! 

Processed with VSCO with e4 preset

Miks ein dæsj frosne jordbær og blåbær, ei banan og 2-3 ss med yoghurt i ein blendar, og pynt deretter med banan, blåbær, bringebær og kokkos. Sjukt godt, og ein perfekt måte å få i seg litt frukt og grønt på, og i tillegg viktige vitaminer. Eg trur me alle har kjent på den følelsen av at ein gjerne blir meir trøtt og sliten om høsten, og da er det me får i oss ekstra viktig. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits