Bali guide - del 3

25.10.2017 - 20:25 Ingen kommentarer

Processed with VSCO with a6 preset

Den tredje destinasjonen vår i Bali var Seminyak. Ein plass me hadde høyrt ganske lite om, utenom at det kunne vere ok som ein base viss ein skal reise rundt om i Bali, og at det var litt bedre utvalg av restaurantar og hoteller der. Etter det som føltest ut som ein vekes lang taxitur fra Ubud var det supergodt å endeleg komme fram. Me hadde booka rom på Golden Tulip Devins Seminyak, og det stod til all forventing. Utruleg fint og gjennomført hotell, med ein super beliggenheit. Me hadde vårt eige bobblebad på rommet, og eit stort svømmebasseng på taket. I tillegg til ein restaurant med utsikt over både byen og havet. 

Processed with VSCO with a6 presetProcessed with VSCO with a6 presetProcessed with VSCO with a6 preset

Den siste delen av oppholdet i Seminyak forflytta me oss derimot over i ein Villa med namn "Soobali white stone". Den villaen er den finaste og mest gjennomførte eg har sett og budd i, og eg ville faktisk ikkje reise derfra. Både interiøret og stilen var så gjennomført og fint, og plasseringen kunne faktisk ikkje ha vore bedre. Så om du skal til Seminyak er det faktisk eit must å sjekke ut den villaen. Sjå og les meir her

Processed with VSCO with e7 presetProcessed with VSCO with e7 presetProcessed with VSCO with e7 preset

I seminyak brukte me mykje tid på stranda. På kvar vår solseng med ei bok i handa. Etter første delen av ferien der me hadde brukt all tiden på å utforske var det no fantastisk å slappe av litt, og faktisk nyte ferien. Strendene i Seminyak er fine, men kanskje ikkje dei beste for ein badeferie. Det er ikkje så lett å bade der på grunn av store bølger, men derimot fint for å slappe av. I tillegg var det ganske billig å leige solseng. Husk berre å prut, ellers lurer dei deg gjerne for litt ekstra. 

Processed with VSCO with e4 presetProcessed with VSCO with a6 preset

I "sentrum" finner du eit veldig fint kjøpesenter, ein del fine butikkar og fleire veldig bra restaurantar / cafear. Eg kan for eksempel anbefale Ultimo der me åt to gangar. Ein veldig fin italiensk restaurant med veldig god mat, fint lokal og god service. Prisen var heller ingenting å klage på. Om du derimot er gira på fastfood vil eg anbefale Bossman. Her finner du supergode hamburgarar og fries. Dei skal også ha pluss for eit veldig kult lokal. Ellers er det sinnsjukt mange fine og kule plassar så her har ein faktisk masse å velge mellom. Alt fra meksikansk til gresk til indonesisk. 

Processed with VSCO with a4 preset

Like attmed hotellet vårt låg ein skjønnheitssalong som eg besøkte ein av dei siste dagane, Spring Spa. Der fekk eg manikyr med gel-lakk og betalte rundt 200 kroner. Lakken holdt seg faktisk fin i ein månad, og både lokalet, servicen og opplevelsen var super! Så det kan eg gjerne anbefale videre. Dei har og frisørsalong i andre etasje, og fleire behandlingsrom til blant anna massajse, ansiktspleie og meir. Så her kan ein lett slå av noken timar. 

Les del ein og to her og her

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits