Gili Meno - Paradis

02.11.2017 - 14:08 2 kommentarer

Etter to veker på rundreise i Bali følte me oss ikkje ferdige. Verken med sjølve ferien eller å utforske. Så me kontakta flyselskapet, og noken tima seinare var nye billettar i boks, og me hadde plutseleg ei veke ekstra. Me hadde verken hotell, destinasjon, eller i det heile ein tanke om kor og kva me skulle gjer. Etter litt kom me heldigvis fram til at me ville bevege oss vekk fra Bali, og utforske dei små øyane. Valget falt på Gili Meno. 

Gili Meno er den øya av dei tre Gili øyene som er minst utvikla. Du kan ikkje forvente deg så bra internett eller at strømmen er der heile tiden, men du får derimot oppleve paradis. For Gili Meno er verkeleg definisjonen på ordet paradis. 

Etter ein lang reise fra Seminyak til Gili Meno som inkluderte både buss, båt, ny båt og hest&kjerre, så var det heilt magisk å komme fram. Me booka rom på Les Villas Ottalia, og der endte me opp med å bli heile oppholdet. Hotellet ligger litt inne på øya, men det tar deg nøyaktig tre minutt å sykle til stranda. Øya er jo ikkje stor i det heile, og dermed er det ikkje så veldig nøye kor ein bur. Hotellet hadde ein overraskande bra standard, og me fekk vår eigen villa med basseng. I tillegg hadde dei eit lekkert basseng på felles-området, og ein veldig god frukost. Kan ein eigentleg ønske seg noke meir?

Processed with VSCO with c7 presetProcessed with VSCO with c7 presetProcessed with VSCO with e2 preset

På hotellet stod det alltid 10 syklar ein kunne få låne, for sykkel eller hest&kjerre er nemleg den einaste måten å komme seg rundt på øya. I tillegg til å gå sjølvsagt. Den følelsen når ein sykla rundt på dei smale vegane under palmane var heilt magisk. Like morsomt var det på kveldane etter me hadde vore ute å ete når me skulle finne heim. Sjølv om øya er veldig liten er det så utruleg mange små vegar der, og det er så skremmande fort å sykle seg vekk i mørket. Eg trur det skjedde med oss ca kvar kveld, og me endte ofte opp med å ha sykla rundt heile øya, både ein og to gangar. Heldigvis var det ikkje så veldig skummelt der ein syklar under ein magisk stjernehimmel, og det einaste du kunne møte på var høne eller ei kyr. 

Etter å ha savna å kunne bade skikkeleg på Bali var det no heilt fantastisk å komme til Meno. Dei vakraste strendene du har sett, og nesten ingen bølger eller straumar. Det aller beste er at det er så mange strender at du kan faktisk kan få di eiga strand heilt aleine. Det er kanskje den aller største kontrasten i forhold til Bali som er full av turistar, og at ein ligger arm i arm på dei mest populære strendene. På Meno var stemninga heilt annleis, og ein kunne verkeleg slappe av, og nyte ferien. Så det var akkurat det me gjorde.

Processed with VSCO with c8 presetProcessed with VSCO with a1 preset

Utvalget av restauranter er ikkje det største, men det er meir enn nok. Me fekk tips om "MAHAMAYA", og der åt me fleire gangar. Veldig fin restaurant, veldig god mat, og den perfekte plassen å nyte solnedgangen. Mitt tips her er å booke bord. Det er kanskje den mest populære restauranten på øya, og om ein dermed da vil ha eit bord lengst nede mot sjøen er det lurt å booke litt i forvegen. Utenom den åt me ein del på Cafe Gili. Veldig godt utvalg, god mat og den beste banansplitten eg har smakt på mange år! I tillegg var dei ansatte veldig hyggelige og hjelpsomme. 

Processed with VSCO with c8 presetProcessed with VSCO with e4 preset

Det er litt begrensa kva ein kan gjer på øya utenom å bade og kose seg i sola, men noken forslag er å dykke ned til dei undervanns-skulpturane, snorkle for å sjå skilpadder, besøke Gili T eller Gili Air, eller rett og slett ta seg ein dagstur til Lombok. Eit lite tips er å snakke med dei lokale, dei er som regel veldig hjelpsomme, og gir ofte litt bedre(billigare) tips enn dei som jobbar med turistane.  

Processed with VSCO with e2 preset

Gili Meno var heilt fantastisk, og absolutt den mest magiske og fredfulle plassen eg har opplevd. Ein perfekt avsluttning på oppholdet i Bali. 

2 kommentarer

Sunniva

05.11.2017 kl.10:53

Såg helt fantastisk ut! kjempe fine bilder :D

monicaflatland

05.11.2017 kl.12:43

Sunniva: Tuuusen takk! Gili M MÅ opplevast!

Skriv en ny kommentar

hits