Interiør

London

I begynnelsen av mai var eg så utruleg heldig at eg fekk reise til London med REN i samarbeid med jobben. Me hadde noken heilt fantastiske dagar med jobb, hygge og god mat! Det er ein del år sidan eg besøkte London sist, og eg hadde nesten gløymt kor utruleg fin og sjarmerande byen er. For London er verkeleg ein sjarmerande by, med både masse å gjer og sjå. Så eg har allerede bestemt meg at eg må tilbake snart.

Me budde på Henrietta Hotel, og herregud for eit kult, gjennomført og fint hotell! Dei hadde faktisk ikkje opna for booking enda når me budde der, så eg var den første som overnatta på rommet. Kor kult er ikkje det? Sjølve rommet var så utruleg lekkert og gjennomført, og badet var som ein draum. Heilt magisk! Hotellet låg ca to minutt fra Covent Garden, så plasseringen var heilt fantastisk.

Det vart ikkje så mykje tid til verken shopping eller turistattraksjonar, men det gjorde faktisk ingenting. Me hadde det så hyggeleg med REN, og dei hadde laga eit heilt supert program for oss. Me blei introdusert for nyheitane som kjem framover, og her har me alle noke å glede oss til! Det kjem ein ny serie for kropp, og den er heilt fantastisk. Me var så heldige å få med oss både body lotion, skrubb og dusjsåpe heim, og eg er forelska allerede. Produkta er rett og slett fantastiske!

Fashion books

Første gang eg fekk opp augene for desse vakre bøkene var i Paris for ein del år tilbake. Me gjekk tilfeldigvis innom ein bokhandel, og det skulle vise seg å vere eit paradis for oss som er interessert i mote og fotografi. Butikken var full av spesielle og unike bøker. Bøker med fantastiske fotografi, vakre mennesker og spennande historiar.

Eg gjekk lykkelig ut igjen med ein litt for tung pose, som seinare skulle vise seg å bli ein fin liten samling. Alt fra mote gjennom tidene til bøker om Chanel og Audrey Hepburn. Begge veldig vakre og spesielle kvinner.

I tillegg til at bøkene er fantastiske for å både lese og kikke i, så er dei også superfine som dekor i heimen. Gjerne på stovebordet, spisebordet, hyller eller på nattbord. Her er det kun fantastien som setter grenser.

Fint lite tips

I Hellas for ein del år tilbake kjøpte eg denne handlaga skåla. Den har lenge stått til pynt, men den siste tiden har den faktisk fått gjort seg til nytte, som eit sjarmerande lite "smykkeskrin". Her oppbevarar eg dei fleste kvardagssmykkene mine. Dei ein gjerne tar på seg like før ein går ut døra, og av seg når ein kjem inn igjen.

Ein perfekt måte å oppbevare smykkene på, samtidig som det gir litt pynt til rommet. Så skal eg heller ikkje legge skjul på at for ein rotekopp som meg(som tar av seg smykkene og legger dei på tusen forskjellige plassar) er dette heilt fantastisk. Eg kan ikkje telle kor mange gangar eg har hatt hjerte i halsen fordi eg ikkje har funne Hermes-armebandet mitt, eller den eine eller andre ringen.

hits