august 2016

The juicery

Noke av det kjekkaste eg veit om når eg er ute å reiser er å utforske digge cafear/restaurantar. Gjerne dei med litt anna type mat. Sunn og digg mat! Dette her har eg savna litt i Oslo. For all del, me har veldig mykje her, og veldig mykje bra. Eg har berre savna dei plassane som er litt annleis. Der du kan kjøpe deg smoothie, juice, og sunn mat. Sunn mat utanom den klassiske salaten.

Så når eg no oppdaga at det var komme ein ny plass på frogner med namnet The Juicery jubla eg høgt. Endeleg ein sånn plass! Ein kul og litt anna plass med Acai bowl, juice, smoothie og enda meir. Eg åt grønn Acai bowl og den var både supergod og metta heilt perfekt. I tilegg kjøpte me to forskjellige juicar som begge var supergode. Absolutt ein plass det er verdt å ta turen innom.

La Boqueria Market

Ein kan nesten ikkje reise til Barcelona uten å ta turen innom La Boqueria Market. Eit marked som ligger like ved La Rambla, og har eit enormt utvalg av både frukt, grønnsaker, kjøtt, fisk, ost og eigentleg det meste ein kan tenke seg. Ein mat-himmel med andre ord.

Som om det ikkje var nok har dei boder på boder med ferskpressa juice med allslags smaker. Alt fra jordbær til annanas til blåbær og enda meir. I tillegg har dei smoothie, frukt-is og det kulaste av alt; søtsaker forma som hamburger og fries fra McDonald. Altså, kor kult er det ikkje å ete ei kake som ser ut som ein liten hamburger?

Kjøp med deg ein juice eller ein boks med frukt, og nyt den spesielle og magiske stemninga.

Barcelona Food Guide

Brunch and Cake. Uten tvil ein av dei mest populære brunch plassane i byen, og det gir både lange køar, lang ventetid på maten, og gjerne litt surr fra servitør, men på den andre siden får du den diggaste avokado-toasten du har smakt, eit sjukt kult lokal, og superdigg drikke.

Trópico. Denne plassen blei favoritten vår, og her endte me opp med å ta frukosten fleire dagar på rad. Fantastisk god mat, god service, kult lokal og mykje roligare/behageligare stemning enn på Brunch and Cake, sjølv om det alltid var fullt og masse folk her også. Eg smakte både pannekaker og Acai-bowl her, og begge deler var heilt fantastisk. Skulle gjerne hatt ein sånn plass på Løkka.

Makamaka Beach Burger Cafe. Er du lei av å ligge på stranda, og vil ha deg ein pause er dette plassen. På veg mot "sentrum" igjen finner du denne hippe plassen like attmed vegen. Her får du servert digge hamburgarar, fries og god drikke. Eg valgte den som heiter Big Maka med  parmesan fries og det var superdigg! Stemninga er chill, lokalet er kult og prisane er veldig greie.

Ellers åt me på ganske mange forskjellige plassar, nokon tilfeldige og andre planlagte. Det gjekk masse i tapas, og ein av favorittane der blei Bilbao-Berria. Ein kul tapas restaurant der ein plukker med seg det ein vil ha, og betalar antal "tannpirkere" som ligger på bordet etterpå. Er du lur tar du lunchen der, for så fort klokka bikkar 20-21 er det fleire meter med kø utanfor. På dagtid derimot var det grei mengde mennesker, og ein fekk seg lett plass både inne og ute.

Barcelona

Barcelona må vere ein av mine nye favoritt destinasjonar. For ein by! Når folk seier at Barcelona er den perfekte storby kan eg sei meg heilt enig. Det er ikkje så mange byar der du først kan shoppe på Chanel, for å så ligge på stranda eller ta deg ein fjell-tur etterpå. Her kan du shoppe i dei flottaste butikkane, du kan nyte dagen på stranda, ta deg ein fjelltur, vere skikkeleg turist, eller rett og slett nyte den magiske stemninga på ein restaurant med tapas på fatet og vin i glaset.

Eg og mamma var der fra tirsdag til søndag, og det var heilt perfekt. Nok av tid til å oppleve og nyte byen, få med oss turistattraksjonane og å faktisk slappe av litt. Eg veit mange reiser dit for ei helg eller langhelg, og det funkar nok veldig fint også.

Det er vertfall nok av ting å både gjer og sjå på i byen, så her må ein eigentleg berre velge ut. Me var skikkeleg turistar og hoppa på ein buss, på den måten fekk me med oss dei tinga som var litt utafor "sentrumskjerna" som Park Güell, fotballstadion, la sagrada familia, osv. Veldig grei måte å få sjå veldig masse på. Ellers er byen eigentleg ganske liten, så ein kan fint rusle til det aller meste.

Fresh mountain air

Det er ikkje kvar dag eg har muligheit til å vere ute i skog og mark lenger, så når først muligheiten byr seg er eg ikkje vanskeleg å be. Så på lørdag etter jobb hoppa me rett i bilen, og satte kursen mot Pershusfjell som er eit veldig fint tur-område i Jevnaker.

Der kosa me oss til langt på natt under stjerneklar himmel med god mat, vin og snacks. Eg trur forresten det må vere den perfekte oppskrift på ein bra telttur. Spesielt når ein kan nyte det heile i kjæresten sin armkrok.

Neste morning ringte alarmen allerede klokka 04.30 for at me skulle få med oss soloppgangen, og herregud for ein magisk opplevelse. Å ligge der i soveposen å sjå at sola sakte men sikkert stiger oppover fjella, og lagar dei finaste fargane på himmelen. Magisk.

Resten av søndagen kosa me oss i hengekøya, der me både duppa av ein og tre ganger. Ein perfekt avslutning på ei travel arbeidsveke, og kva funkar vel bedre enn den friske fjellufta for å lade opp til ei ny veke på?

hits