september 2016

Make up

Etter eg er ferdig med hudpleierutinen om morningen er det tid for å begynne på sminken, og det første på lista er alltid base/primer. Min favoritt for øyeblikket er Youngblood sin mineral primer. Den gir både fukt og næring, samtidig som den gjer at sminken sitter heile dagen. Eit anna stort pluss er at den ikkje inneheld silikon.

Etter å ha påført primer er det tid for foundation, og i det siste har eg brukt Natural Mineral Powder fra Youngblood. Det er ein mineral foundation og kan for mange sammenlignast med Bare Minerals. Det eg derimot kan fortelle som forskjell er litt ingrediensar, og at youngblood sin kan ein bygge opp fra lett dekkevne til FULL dekkevne. Så med andre ord: ein foundation for alle. Den gir huden ein fin glød, sitter godt, og har ein betennelsedempande effekt. Perfekt viss ein sliter med kviser.

Det siste produktet er mirakelpennen fra YSL. Den legger eg under augene, og der eg trenger litt ekstra highlight. Det er ikkje utan grunn til at eg kallar den mirakelpennen.

Mirakelkrem

Er det eit produkt eg alltid må ha med meg, uansett kvar og kva eg skal, så er det Eight Hour Cream - Skin Protectant. Den er med i veska, den er med i sekken på fjelltur og den er alltid med på reise. Er det eit produkt som kan fikse det aller meste, ja så er det denne kremen her.

Har du tørre og sprukne lepper? Tørre hender? Tørre flekker i ansiktet? Små brannsår? Svake negler? Tørre føtter? Eller er du solbrent? Denne er svaret på dei alle. Den skal beskytte, gi fuktigheit, lindre og den har ein betennelsedempande effekt. Med andre ord: eit mirakelprodukt. Eit anna lite tips er at den er supergod til å forme bryn med.

Stockholm & Nobis Hotel

Det er ingen tvil om at å reise er noke av det eg likar best og setter høgst. Eg elskar å oppleve nye plassar, møte nye mennesker, og det aller beste: å få ein liten pause fra kvardagen. For min del handlar det ikkje alltid om å reise lengst muleg vekk, tvert imot kan det nokre gangar faktisk vere minst like deilig å sleppe den lange reisen.

Så det er ikkje utan grunn at Stockholm er ein av mine favorittbyar. Reisen kan vere både kjapp og billig, og alternativa er mange. Ein kan fly, ta det daglige hurtig-toget som går mellom Oslo og Stockholm, nytte seg av buss eller sjølvsagt ta det som ein roadtrip. Byen i seg sjølv er jo fantastisk vakker, og det er både mykje å gjer og sjå på. I tillegg er det eit supert utvalg av både restauranter og butikkar. Her kan du finne søte nisjebutikkar, dei typiske kjedebutikkane og dei meir eksklusive forretningane. Med andre ord, i denne byen er det noke for alle.

Det eg derimot synst kan vere litt vanskeleg når eg skal ut å reise er å finne eit hotell. Ein vil jo så gjerne ha eit fint hotell med ein bra plassering til ein bra pris. Så er det heller ikkje eit minus om hotellet kan gi deg ein spesiell opplevelse, har ein kul eller unik stil,  eller ein spennande historie. I stockholm har eg funne "mitt" hotell. Eit hotell som har både ein spesiell stemning, ein spennande historie, eit lekkert design og bra plassering. Eg snakkar om Nobis Hotel.

Nobis Hotel ligger midt i hjerte av Stockholm, og er eit av dei vakraste og mest gjennomførte hotella eg har besøkt. Servicen var super, frukosten var fantastisk, og rommet var heilt perfekt med utsikt ut over Norrmalmstorg. I tillegg til dette har dei ein fantastisk lounge der det er heile 28 meter høgt opp under taket, og ei trapp som er verdt eit besøk i seg sjølv.

Ein anna spennande ting med dette hotellet/bygget er at det var her ranet av Kreditbanken på Norrmalmstorg skjedde. Ranet som har vorte oppstandelsen til begrepet Stockholmssyndromet. Det kan du lese meir om her.

Du huskar kanskje kor magisk det var å bu på hotell da du var liten? Kor spenannde og morsomt det var å gå rundt i gangane for å utforske? Akkurat den følelsen gav dette hotellet meg. Alt var så gjennomført, så spennande, og eg kunne omtrent ikkje vente med å få utforske. Du kan lese og sjå meir om hotellet her.

Så om du trenger ein liten pause fra kvardagen eller kvalitetstid sammen med mor/datter, kjæreste eller ei venninne så kan eg verkeleg anbefale Stockholm og Nobis Hotel. Det er nesten sånn at eg bookar ein tur no når eg skriver innlegget, for ei helg med god mat & drikke, hygge og kos hadde eigentleg vore heilt perfekt no.

City Smart

Etter at eg flytta til Oslo har eg blitt mykje meir bevisst over korleis skader ein utsetter huden for i kvardagen. Her snakkar me ikkje berre om sol, men også forurensing og andre miljøfaktorar. Visste du at heile 80% av tegna på aldrande hud kjem av nettopp dette? Faktisk viser nye studier at det er minst like viktig å beskytte huden mot akkurat dette, som å beskytte huden mot UV-strålar. Ganske skremmande, ikkje sant?

Så no i haust når Elizabeth Arden lanserte sitt nyaste produkt i Prevage serien, City Smart, var eg ikkje vanskeleg å be. Tvert imot. Eg trur faktisk eg jubla høgt. Eit fantastisk produkt som har som hovudoppgåve å beskytte huden vår mot forurensing, i tillegg til at den inneheld SPF 50 for å beskytte mot dei skadelige UV-strålane.

Eit produkt som har blitt eit must for meg, og som eg håpar kan bli ein fast del av hudpleierutina til mange kvinner rundt om i verda. For er det ein ting me alle veit så er det at det er lettare å forebygge enn å reparere. Så er det heller ikkje eit minus at produktet gir ein fin glød og gjer at sminken sitter bedre.

Les meir om produktet her.

hits