oktober 2016

The perfect scarf

På ein kald vinterdag er det ingenting som er deiligare enn å pakke seg inn i eit svært skjerf. Eit skjerf som er mjukt, som varmar godt og som faktisk kan brukast som pledd også. Eg veit ikkje kor mange gangar eg har brukt mitt grå Acne skjerf som pledd på flyet, eller over meg på kinoen. For det er jo virkelig ingenting som er verre enn å sitte å fryse.

Så når me no går inn i ein ny periode med både masse vind, regn, snø og det aller meste som gjer at eg vil flykte til varmare strøk, tenkte eg at det var på tide med eit nytt skjerf. Valget falt på Acne igjen, rett og slett fordi eg har vore så sinnsjukt fornøygd med mitt som eg har brukt omtrent kvar dag(minus sommar) siden 2013. Eg har kjent litt på andre fra andre merker, men ingen blir liksom så mjuke og gode, sjølv om dei gjerne ser ganske like ut.

Valget falt (ikkje overraskande) på eit svart. 90% av garderoben min består av svart, og det er både klassisk, tidløst og kan brukast til alt og alle situasjonar. Eg er vel ikkje den einaste som er over gjennomsnittleg glad i svart? Eg er vertfall superfornøygd, og gledar meg til å pakke meg inn i dette framover.

Stop being so sensitive

Etter eg kom heim fra Barcelona har huden min desverre ikkje vore heilt i balanse. Den har vore ein "fin" kombinasjon av tørr, dehydrert, og super-sensitiv. Noke som igjen har ført med seg ein del prikkar og utslett. Så sjølv om eg har vore meir enn fornøygd med mine faste produkt skjønte eg no at det var nødvendig med produkter som var enda meir retta mot sensitiv og sår hud.

REN Clean Skincare er ein hudpleieserie med produkter for alle hudtyper, og produkter med veldig fine og milde ingrediensar. Eg endte opp med å kjøpe eit kit for sensitiv hud som heiter " Stop Being So Sensitive". Der får ein med ein rens, serum og dagkrem. Produkta er i relativt små størrelsar, men perfekt for å få teste dei ut før ein kjøper store størrelsar, eller til å ha med på reiser.

Alle produkta i "evercalm"(sensitiv) serien er ekstra milde, og vil virke veldig beroligande på huden. Dei vil også øke fuktnivået, samtidig som dei både beskyttar og dempar rødheiten. Det ropar vertfall eg hurra over! Eg merkar allerede forskjell på huden min etter ei veke med desse produkta, og sjølv om huden fortsatt er både tørr og sensitiv er den mykje bedre enn den var for ei veke siden. Det er alltid viktig å huske på at ting tar litt tid, så ikkje gi opp etter nokre dagar. Gi det nokre veker.

Produkta til REN får du kjøpt hos alle Fredrik og Louisa butikker til ein veldig fin pris. Eg må også legge til at innlegget verken er annonse eller spons, det er enkelt og greit eit lite tips til alle som sliter med det samme som meg. Eg veit kor innmari kjedelig det er å både kaste vekk penger, bruke masse tid og energi på hudpleie som ikkje funker eller som faktisk gjer huden verre.

Lazy sunday morning

Det beste med søndag er at det endelig er tid for avslapping og kos. Gjerne eit par timar ekstra på puta også. Så i dag når eg vakna rusla eg bort på Godt Brød, plukka med meg verdens beste skulebolle, og deretter rusla eg tilbake til senga. Der låg eg i litt for mange timar å kosa meg med den nyaste utgaven av Vogue, og den veldig fine boka til Garance Dore, Love x Style x Life.

Love x Style x Life har blitt ei av mine favorittbøker. Den er så utruleg fin og gjennomført. Du får magiske historiar frå barndommen til Garance, innblikk i livet hennar, og tips og triks når det gjelder både mote og skjønnheit. Den går litt djupare enn mange av dei typisk "blogger" bøkene, så om du liker den type bøker MÅ du få med deg denne her. Sjekk også ut bloggen her.

hits