Mat

Smoothiebowl på to minutter

Processed with VSCO with e4 preset

Det er ingenting som slår ein god smoothiebowl, og eg skulle gjerne ha reist på The Juicery kvar gang lysten melder seg, men desverre er ikkje lommeboka og kontoen heilt med på den ideen. Det som derimot er ein veldig god erstattar er den her. Den tar meg ca to minutter å lage, og prisen er veldig fin. No kjøpte eg frosne blåbær og jordbær, 5 stk banan, blåbær, bringebær og ein laktosefri yoghurt og betalte rundt 100 lappen. Det synst eg er veldig ok! 

Processed with VSCO with e4 preset

Miks ein dæsj frosne jordbær og blåbær, ei banan og 2-3 ss med yoghurt i ein blendar, og pynt deretter med banan, blåbær, bringebær og kokkos. Sjukt godt, og ein perfekt måte å få i seg litt frukt og grønt på, og i tillegg viktige vitaminer. Eg trur me alle har kjent på den følelsen av at ein gjerne blir meir trøtt og sliten om høsten, og da er det me får i oss ekstra viktig. 

Ein perfekt torsdag

Processed with VSCO with j5 preset

 I går var ein sånn dag eg kan leve på lenge. Du veit dei menneska du møter og det seier berre klikk? Sånn var det når eg møtte skjønne Madeleine for første gang på Elle festen tideligare i høst. Så det var super hyggeleg å møte ho igjen, og å få enda bedre tid i lag. 

Processed with VSCO with a6 preset

Me reiste på Albert Bistro, og wow for ein plass! Min einaste tanke når me satte oss ned der var "kvifor har eg ikkje vore her før". Lokalet var så fint og gjennomført, og det samme kan eg absolutt sei om maten. Så godt! 

Processed with VSCO with a6 preset

Me begge bestilte løksuppen, og den var heilt fantastisk god. Eg trudde eg hadde smakt det før, men det skjønte eg fort at eg ikkje hadde - det hadde eg nemleg huska. Så den kan absolutt anbefalast. 

Processed with VSCO with a6 preset

Til dessert bestilte me makronar, noke som alltid er ein stor vinnar hos meg! Eg kan ikkje få sagt det nok, men det er ingenting som slår gode og ferske makronar. Me bestilte sitron, jordbær og pistasj, men eg skjønte det sånn at det er varierande kva slags smakar dei har, så spør gjerne servitøren! 

Processed with VSCO with a6 preset

Tiden gjekk altfor fort, og før me visste ordet av det var det blitt mørkt og klokka bikka sju. Dei seier tiden flyger i godt selskap, og det kan eg bekrefte etter dagen i går! Ein sånn torsdag skulle eg gjerne hatt kvar veke! 

Oslos beste acai bowl

OLYMPUS DIGITAL CAMERA Processed with VSCO with a6 preset

Er det ein ting eg alltid har synst har vore litt kjedelig med Oslo er det utvalget av digge plassar å kjøpe lunch. Sjølvsagt har byen mykje bra, men eg sakna dei plassane med digge og sunne ting. Derfor vart eg så glad når the Juicery åpna på Frogner for ei stund tilbake. Det var akkurat ein sånn plass eg sakna. 

Processed with VSCO with a6 preset

The Juicery har superdigge smoothies, juicar, salatar og sist men ikkje minst smoothie bowls/acai bowls. Eg pleier alltid å kjøpe classic acai bowl når eg er innom, men denne gangen endte eg opp med ein litt søtare versjon, og den var supergod! Faktisk så god at eg ikkje veit kven av dei eg skal kjøpe neste gang. Luksusproblem! 

Processed with VSCO with a6 preset

For litt sidan åpna The Juicery på Egertorget også, noke som passa meg heilt perfekt. Litt nærmare, og litt kjappare for å skaffe seg ein digg lunch. I tillegg er dei bak kassen alltid så smilande og hyggelige, og det gjer noke med heile opplevelsen.

Så er du i Oslo og vil ha ein kjapp og digg lunch, sjekk gjerne ut The Juicery. 

Avokado toast

Avokado toast er og forblir ein stor favoritt hos meg. Det som er så digg er at ein kan variere "toppinga" fra gang til gang, og dermed er det nesten heilt umulig å gå lei. Her har eg laga to forskjellige variantar. Ein med avokado + løk og tomat, og ein med avokado + spirer og fetaost.

Eit anna tips er å gjerne bake brødet sjølv. For finst det eigentleg noke bedre enn nysteikt brød med godt pålegg? Avokado toast er perfekt som ein god frukost eller ein digg lunch. Server det gjerne med ein frisk juice eller smoothie til.

Kjapt, enkelt og godt!

Eg er alltid på jakt etter middagstips, og etter venninna mi tipsa meg om denne retten har det blitt ein ny favoritt. Kjapt, enkelt og utruleg godt! Det einaste du trenger er kylling, pasta, rød pesto, løk, sopp, paprika og ruccola.

Det kan lagast på veldig mange måtar, og eg veit det ligger ein fin oppskrift på Trines Matblogg her, likevel gjorde eg det sjølv veldig enkelt. Eg steikte kyllingen og grønnsakene i ei steikepanne samtidig som eg kokte pastaen. Når pastaen var klar helte eg ut vatnet, tilsatte pestoen og deretter grønnsakene og blanda det godt. Så lagde eg eit par snitt i kyllingen og fyllte med pesto. Til slutt toppa eg det heile med finhakka ruccola.

Om du har noken digge middagstips du vil dele så blir eg veldig glad for det!

Smoothiebowl

Smoothiebowl er og blir ein stor favoritt. Det beste er at du kan variere absolutt alt, og ha nye smakar kvar dag. Sjølv pleier eg å laga sjølve smoothien av fryste jordbær, blåbær, skogsbær, bringebær, ei banan og anten juice eller yoghurt! Til topping brukar eg veldig masse forskjellig. Gojibær, tørka kokos, havre, banan, blåbær, bringebær, mango, kiwi eller noke anna digg. Det er så utruleg mange muligheitar, og butikkane får stadig inn meir og meir spennande. Før var gojibær osv ting ein måtte kjøpe på helsekost, men no finner du faktisk veldig masse spennande på typ Kiwi. Veldig kjekt!

Smoothie er perfekt som både frukost, lunch, kvelds eller som mellom-måltid! Sjølv synst eg det er heilt fantastisk som frukost da eg ofte ikkje har så mykje matlyst om morningen, men veit kor ekstremt viktig det er å få i seg litt mat.

Yummy

Dei dagane eg studerer heime prøver eg å vere flink til å få i meg mat, og ein stor favoritt er salat. Eg pleier å variere fra dag til dag, men ein stor favoritt er den du ser på bildet over.

Den er veldig veldig enkel, og det einaste du trenger er ein pose med salatblanding(eg brukar å variere alt etter kva som fristar), fetaost med soltørka tomat og valgfrie nøtter.

Her er det kun fantasien (eller kjøleskapet) som setter grenser. Eg ville gjerne ha hatt med både tomat og avokado også, men denne gangen blei det enkelt! Godt, mettande og smakfullt. Ein perfekt lunch.

Sjokolade-shake

Min nye favoritt når søtsuget kjem snikande er denne sjokolade-shaken som venninna mi tipsa meg om for ei stund tilbake. Det einaste du trenger er ei banan, kakaopulver, melk og gjerne litt isbitar for å få den ekstra kald og god. Du lagar den på 1-2-3 i ein blender, og vips så har du både eit lite mellom-måltid og ein supergod milkshake i eitt.

Denne kan du nyte med god samvittigheit, og passer like godt for voksne som barn!

The juicery

Noke av det kjekkaste eg veit om når eg er ute å reiser er å utforske digge cafear/restaurantar. Gjerne dei med litt anna type mat. Sunn og digg mat! Dette her har eg savna litt i Oslo. For all del, me har veldig mykje her, og veldig mykje bra. Eg har berre savna dei plassane som er litt annleis. Der du kan kjøpe deg smoothie, juice, og sunn mat. Sunn mat utanom den klassiske salaten.

Så når eg no oppdaga at det var komme ein ny plass på frogner med namnet The Juicery jubla eg høgt. Endeleg ein sånn plass! Ein kul og litt anna plass med Acai bowl, juice, smoothie og enda meir. Eg åt grønn Acai bowl og den var både supergod og metta heilt perfekt. I tilegg kjøpte me to forskjellige juicar som begge var supergode. Absolutt ein plass det er verdt å ta turen innom.

La Boqueria Market

Ein kan nesten ikkje reise til Barcelona uten å ta turen innom La Boqueria Market. Eit marked som ligger like ved La Rambla, og har eit enormt utvalg av både frukt, grønnsaker, kjøtt, fisk, ost og eigentleg det meste ein kan tenke seg. Ein mat-himmel med andre ord.

Som om det ikkje var nok har dei boder på boder med ferskpressa juice med allslags smaker. Alt fra jordbær til annanas til blåbær og enda meir. I tillegg har dei smoothie, frukt-is og det kulaste av alt; søtsaker forma som hamburger og fries fra McDonald. Altså, kor kult er det ikkje å ete ei kake som ser ut som ein liten hamburger?

Kjøp med deg ein juice eller ein boks med frukt, og nyt den spesielle og magiske stemninga.

Barcelona Food Guide

Brunch and Cake. Uten tvil ein av dei mest populære brunch plassane i byen, og det gir både lange køar, lang ventetid på maten, og gjerne litt surr fra servitør, men på den andre siden får du den diggaste avokado-toasten du har smakt, eit sjukt kult lokal, og superdigg drikke.

Trópico. Denne plassen blei favoritten vår, og her endte me opp med å ta frukosten fleire dagar på rad. Fantastisk god mat, god service, kult lokal og mykje roligare/behageligare stemning enn på Brunch and Cake, sjølv om det alltid var fullt og masse folk her også. Eg smakte både pannekaker og Acai-bowl her, og begge deler var heilt fantastisk. Skulle gjerne hatt ein sånn plass på Løkka.

Makamaka Beach Burger Cafe. Er du lei av å ligge på stranda, og vil ha deg ein pause er dette plassen. På veg mot "sentrum" igjen finner du denne hippe plassen like attmed vegen. Her får du servert digge hamburgarar, fries og god drikke. Eg valgte den som heiter Big Maka med  parmesan fries og det var superdigg! Stemninga er chill, lokalet er kult og prisane er veldig greie.

Ellers åt me på ganske mange forskjellige plassar, nokon tilfeldige og andre planlagte. Det gjekk masse i tapas, og ein av favorittane der blei Bilbao-Berria. Ein kul tapas restaurant der ein plukker med seg det ein vil ha, og betalar antal "tannpirkere" som ligger på bordet etterpå. Er du lur tar du lunchen der, for så fort klokka bikkar 20-21 er det fleire meter med kø utanfor. På dagtid derimot var det grei mengde mennesker, og ein fekk seg lett plass både inne og ute.

hits