Personleg

Jenteprisen 2017

OLYMPUS DIGITAL CAMERA Processed with VSCO with a6 presetOLYMPUS DIGITAL CAMERA Processed with VSCO with a6 presetOLYMPUS DIGITAL CAMERA Processed with VSCO with a4 presetOLYMPUS DIGITAL CAMERA Processed with VSCO with a4 preset

Eg lovde meg sjølv når eg flytta til Oslo at eg skulle bli flinkare til å delta på ulike arrangement, og når ei på jobben var nominert til årets jentepris 2017 var det ingen spørsmål. Sonja ville bli med, og me hadde ein så fin kveld. Ein kveld med god musikk, god mat og ein veldig viktig pris. I år var det Jurk som reiste av med prisen, og det kunne eigentleg ikkje vore ein bedre vinnar. Alle dei nominerte jentene er jo vinnera i seg sjølv med den fantastiske jobben dei gjer,  men Jurk gjer ein så viktig og flott jobb, og fortenar all oppmerksomheit dei kan få. Om du ikkje har høyrt om Jurk vil eg anbefale deg å sjekke dei ut her eller her

Etter både prisutdeling og konsertar rusla med ned på Torggata Botaniske. Ein utruleg fin plass med drinkar i ein eigen kategori. Perfekt for kvalitetstid med venninner, eller ein date. Me hadde med andre ord ein veldig fin kveld, og ein perfekt feiring av jentedagen! 

Svar på spørsmål

Q: Eg lurte på om du har studert/studerar og eventuelt kva?

A: Eg studerar markedsføringsledelse på BI her i Oslo. Eg brukte veldig lang tid på å finne ut kva eg skulle studere, men landa på det her. Eg er fortsatt ikkje sikker på om det er det rette valget, men håpar det viser seg med tiden. Det som er veldig greit med å studere markedsføring er at det er ein veldig generell utdanning, og dermed kan ein gå videre litt andre vegar etterpå. Synst BI er ein veldig bra og fin skule, det einaste minuset er at det kan vere veldig vanskeleg å bli kjent med nye mennesker. 

Q: Kva har du lyst å bli når du blir "stor"?

A: Eg veit ikkje kor mange gangar eg har stilt meg akkurat det spørsmålet der. Mens mange av vennenne mine er ferdig med både ein og to utdanningar, er eg ikkje sikker på om eg valgt rett utdanning eingang. Alltid før når eg var yngre ville eg jobbe som fotograf. Så kom tiden der me produserte eit motemagasin, og det vart min nye store drøm. No flyter eg derimot rundt mellom det eine og det andre. Det eg veit er at eg elskar sosiale media, foto, tekst, mote, reising, og skjønnheit. Så viss det hadde gått an å fått ein jobb der eg fekk drive med ein miks av dei tinga der, eller ein av dei, så er eg ganske fornøygd!  

Q: Korleis er Oslo i forhold til der du kjem fra?

A: Godt spørsmål! Eg kjem jo fra ei lita bygd der alle kjenner alle, og det kan både vere positivt og negativt. Det er koselig å kunne gå på butikken der du både kjenner ho som sitter i kassen og han som står bak deg i køen. Du føler deg alltid trygg og aldri aleine, om det går an å sei. Her i Oslo er det jo ikkje sånn, vertfall ikkje for meg. Her er eg berre ein av mange tusen, og heilt anonym. Det er på mange måtar godt det også, for det er jo ingen som bryr seg om kva du gjer, kva du har på deg eller kven du er med. Noke folk på bygda gjerne henger seg opp i. Likevel er det kanskje lett å føle seg litt aleine. Ellers er det litt vanskeleg å sammenlikne ein by og ei lita bygd. Eg kosar meg veldig her i Oslo, men det er sjølvsagt alltid ting eg saknar med Leikanger. 

Q: Kan du beskrive deg sjølv med tre ord?

A: Eg er ikkje så glad i sånne type spørsmål, men eg svarar snill, omsorgsfull og kreativ. 

Q: Kva drøymer du om?

Ein kunne nesten stilt spørsmål om kva eg ikkje drøymer om. Eg er virkeleg den personen som kan sitte i fleire timar å drøyme om alt mulig. Ein dag så har eg lyst å selge leiligheiten, kjøpe ein van og reise rundt i Europa, mens den andre dagen har eg lyst å flytte til NYC for å studere og jobbe. Den drøymen som aldri forandrar seg er det å skape noke eige. Noke som er mitt. Noke som eg har fått til. På videregåande produserte eg og tre andre jenter eit motemagasin, og det å stå med det i hendene var ein heilt fantastisk følelse. Den følelsen vil eg gjerne oppleve igjen.

Q: Leser du nokre blogga? Isåfall kva slags?

A: Det er desverre ikkje kvar dag eg har tid til å lese blogg, men når eg først har tid synst eg det er veldig kjekt! Noken av mine favorittar er Camilla Pihl, Emilie Tømmerberg, Ida Wullf, Karoline Smådal, Janni Deler, Ingrid Bjugan, Annette Haga, og sjølvsagt dei eg kjenner som bloggar! Det er veldig mange flinke personar der ute, som gjerne skulle fått enda meir oppmerksomheit enn dei gjer. 

Q: Kva er dine favorittar på instagram?

A: Her tenkte eg at eg kunne lage litt innlegg utover høsten med favorittar innen dei ulike sjangerane, høyres det ok ut? Det er så sjukt mange fine og inspirerande mennesker der ute! 

Q: Kva slags parfyme brukar du? 

A: Eg elskar duft, og har litt for mange favorittar. Viss det er ønskelig kan eg gjerne lage litt innlegg framover om akkurat dette her! Eg har jobba med parfyme i nesten åtte år no, og har kanskje dermed litt tips å komme med. Til både gutar og jenter. 

Bli litt bedre kjent med meg!

Siden det har vore veldig lite personleg blogging fra meg dei siste åra tenkte eg at eg kunne starte denne nye bloggen med ein spørsmålsrunde. Det tenker eg er ein fin måte å få oppdatere seg på kva eg driver på med, og for nye lesera å bli litt bedre kjent med meg. Så legg igjen ein kommentar med det du eventuelt måtte lure på, eller om du har ønsker til innlegg framover!

TILBAKE!

Endeleg eit pust i bakken, og tid til blogg!

Det er så mykje som har skjedd dei siste månadane så eg veit nesten ikkje kor eg skal begynne. I mai jobba eg veldig masse med skule og hadde fem eksamena, samtidig som butikken eg jobba i blei nedlagt, og alt skulle pakkast ned. Med andre ord ein veldig travel månad. I juni reiste me til Bali, og der endte me faktisk opp med å vere i 20 dagar. I tiden etter Bali har me vore heime i Sogn, på roadtrip rundt i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, på hytta på Jomfruland, og no er eg tilbake i Sogn igjen. Det har vore veldig kjekt, men også veldig travelt. Eg trur me har sove i leiligheiten maks fire netter sidan juni, så no kjenner eg at det skal bli godt med ei rolegare tid framover.

Det som derimot er positivt med at det har vore lite lyd av meg den siste tida er at eg har mykje å ta igjen. Alt fra oppholdet vårt på Bali, anbefalingar, tips&triks, reisemål i Norge og enda meir. Så følg med vidare!

Clarins + Ren

Om vinteren er eg heilt avhengig av masse fuktigheit og gode produkt til huden min. Ein supergod rens, serum, dagkrem/nattkrem, og masker ved behov. Ofte finner eg produkt eg likar veldig godt, men dei gir rett og slett ikkje nok fuktigheit. Uansett kva eg gjer følest huden både dehydrert og tørr. No har eg likevel funne tre fantastiske produkt som hjelper meg veldig på veg, i tillegg til at eg er flink å drikke masse vatn, og får i meg både vitaminer og Omega-3.

REN Lip Balm

Ein supergod leppebalm som gir masse fuktigheit og næring til leppane. Etter eg blei anbefalt denne på jobb har det ikkje gått ein dag utan, og eg har både ein og to. Ein i veska og ein på nattbordet. Det aller beste med den her er at den er enkel å påføre, samtidig som den verken er veldig glinsande, feit eller har farge. Nettopp av den grunnen er denne også kjempefin til gutar. Så denne kan du lett dele med kjæresten din!

REN Flash Hydro-Boost

Denne her magiske tingen blei lansert i høst, og siden den gang har eg vore avhengig! Dette er ein fuktbooster til huden. Den tilfører masse fuktigheit samtidig som den har ein plumping effekt. Med andre ord perfekt for å redusere fine linjer og forhindre dehydrering. Denne skal påførest før dagkrem/nattkrem og kan brukast dagleg. Heilt genialt, ikkje sant? Den har blitt ein av mine absolutte favorittar på badehylla, og det skal gjerne litt til.

Clarins Hydra-Essentiel Cream

Ein av bestselgaren fra Clarins har no blitt fornya, og resultatet er kremen du ser på bildet over. Ein dag & nattkrem i eitt som gir masse fuktigheit, glød og næring til huden. Ein av dei nye tinga med denne kremen er at den inneheld anti-forurensings komplex. Med andre ord skal den også vere beskyttande mot forurensing. Me var så heldige å få denne her på nyheitskurset til Clarins, og eg har allerede rukket å bli veldig glad i den. Den kjennest veldig god ut på huden, og gir meg masse fuktigheit.

A little secret

Eg trur alle jenter har eit mirakelprodukt i toalettmappa si. Eit produkt som er så fantastisk at ein eigentleg ikkje vil fortelle om det til nokon. Eit produkt som ein gjerne vil holde for seg sjølv. Eit sånt produkt kan vere alt i fra ein krem som gir verdens finaste glød, ein concealer som på magisk vis får alle kvisene til å forsvinne, eller ein maskara som gir dei flottaste vippene ein har sett.

Mitt mirkalprodukt er denne lille saken fra Dior. Denne saken som lignar litt på ein leppestift. Fix It Color er ein nyheit som kom i august 2016, og er fire små magiske saker som denne, i ulike fargar. Ein blå som skal korrigere trøttheit, ein aprikos som skal korrigere pigmentflekker og mørke ringer for dei som er litt mørkare i huden, ein grønn som skal korrigere rødheit, og til slutt min fine lille sak som skal korrigere pigmentflekker og mørke ringer for oss som er litt lysare i huden.

Gløym mirakelpennen fra YSL, gløym concealerar som lovar å skjule mørke ringer, denne slår faktisk alt. Eg legger den under augene etter eg har påført foundation, og forskjellen er faktisk heilt utruleg. Dei mørke ringane er så og sei borte, og blikket er både meir opent og våkent! Perfekt for oss som skrollar litt for lenge på instagram om kveldane, eller som har litt søvn å ta igjen etter ein periode med både eksamen, skule og jobb.

Hello new hair!

På onsdag var eg hos verdens flinkaste Elin hos Hendrix Hair Pilestredet og fekk fiksa meg litt på håret. Eg veit eigentleg ikkje heilt kor eg skal begynne, for eg er SÅ fornøygd! Elin er verkeleg den aller beste når det kjem til hår, og er like hyggeleg som ho er flink! Det er litt som å vere på cafe med ei god venninne. Skravlingen går i eitt, og ein gløymer det meste som heiter tid og stad.

Uansett, tilbake til håret! Denne gangen valgte me å gå for ein litt mørkare tone, og me endte opp med ein farge som er relativt lik min eigen. Det skal bli så deilig å sleppe alt som heiter striping og bleiking ein periode, og faktisk la håret bli litt sterkt og sunt igjen. For no ser det faktisk sånn ut og. Sterkt, sunt og glansfullt. Ho stussa også over tuppane, men tok så lite som mulig sånn at eg kan fortsette på prosessen med å få litt lengde igjen. Eg er somsagt utruleg fornøygd, og kan heilt ærleg talt ikkje huske sist eg følte meg så fin på håret.

Eg var også så heldig at eg fekk med meg nokre produkter som eg gledar meg veldig til å teste ut framover. Eit eige innlegg kjem om dei litt seinare, så følg med videre!

Viss du vil sjå meir av arbeidet til Elin så sjekk ho ut på instagram under namnet @elinhendrixhair, eller på bloggen hennar her. Nøl heller ikkje med å ta kontakt om du vil fikse deg på håret, eller om du trenger råd eller anbefalingar. Ho er både dyktig, superhyggelig og veldig søt! Du finner ho og ein gjeng andre dyktige damer her.

//behandlingen er sponset

Stop being so sensitive

Etter eg kom heim fra Barcelona har huden min desverre ikkje vore heilt i balanse. Den har vore ein "fin" kombinasjon av tørr, dehydrert, og super-sensitiv. Noke som igjen har ført med seg ein del prikkar og utslett. Så sjølv om eg har vore meir enn fornøygd med mine faste produkt skjønte eg no at det var nødvendig med produkter som var enda meir retta mot sensitiv og sår hud.

REN Clean Skincare er ein hudpleieserie med produkter for alle hudtyper, og produkter med veldig fine og milde ingrediensar. Eg endte opp med å kjøpe eit kit for sensitiv hud som heiter " Stop Being So Sensitive". Der får ein med ein rens, serum og dagkrem. Produkta er i relativt små størrelsar, men perfekt for å få teste dei ut før ein kjøper store størrelsar, eller til å ha med på reiser.

Alle produkta i "evercalm"(sensitiv) serien er ekstra milde, og vil virke veldig beroligande på huden. Dei vil også øke fuktnivået, samtidig som dei både beskyttar og dempar rødheiten. Det ropar vertfall eg hurra over! Eg merkar allerede forskjell på huden min etter ei veke med desse produkta, og sjølv om huden fortsatt er både tørr og sensitiv er den mykje bedre enn den var for ei veke siden. Det er alltid viktig å huske på at ting tar litt tid, så ikkje gi opp etter nokre dagar. Gi det nokre veker.

Produkta til REN får du kjøpt hos alle Fredrik og Louisa butikker til ein veldig fin pris. Eg må også legge til at innlegget verken er annonse eller spons, det er enkelt og greit eit lite tips til alle som sliter med det samme som meg. Eg veit kor innmari kjedelig det er å både kaste vekk penger, bruke masse tid og energi på hudpleie som ikkje funker eller som faktisk gjer huden verre.

Mirakelkrem

Er det eit produkt eg alltid må ha med meg, uansett kvar og kva eg skal, så er det Eight Hour Cream - Skin Protectant. Den er med i veska, den er med i sekken på fjelltur og den er alltid med på reise. Er det eit produkt som kan fikse det aller meste, ja så er det denne kremen her.

Har du tørre og sprukne lepper? Tørre hender? Tørre flekker i ansiktet? Små brannsår? Svake negler? Tørre føtter? Eller er du solbrent? Denne er svaret på dei alle. Den skal beskytte, gi fuktigheit, lindre og den har ein betennelsedempande effekt. Med andre ord: eit mirakelprodukt. Eit anna lite tips er at den er supergod til å forme bryn med.

Fresh mountain air

Det er ikkje kvar dag eg har muligheit til å vere ute i skog og mark lenger, så når først muligheiten byr seg er eg ikkje vanskeleg å be. Så på lørdag etter jobb hoppa me rett i bilen, og satte kursen mot Pershusfjell som er eit veldig fint tur-område i Jevnaker.

Der kosa me oss til langt på natt under stjerneklar himmel med god mat, vin og snacks. Eg trur forresten det må vere den perfekte oppskrift på ein bra telttur. Spesielt når ein kan nyte det heile i kjæresten sin armkrok.

Neste morning ringte alarmen allerede klokka 04.30 for at me skulle få med oss soloppgangen, og herregud for ein magisk opplevelse. Å ligge der i soveposen å sjå at sola sakte men sikkert stiger oppover fjella, og lagar dei finaste fargane på himmelen. Magisk.

Resten av søndagen kosa me oss i hengekøya, der me både duppa av ein og tre ganger. Ein perfekt avslutning på ei travel arbeidsveke, og kva funkar vel bedre enn den friske fjellufta for å lade opp til ei ny veke på?

hits