hits

Reise

New York guide

Det er allerede litt over ei veke sia eg kom heim fra New York. Favorittbyen min! Denne turen vart ikkje heilt som planlagt, men når ein først er i New York kan ein ikkje gjer noke anna enn å kose seg, så det gjorde eg. Masse god mat, mange timar med tråkking rundt i byen, litt shopping og avslapping på hotellet. Er det ikkje sånn ein storbyferie skal vere?

Det er første gang eg har reist aleine, så det var faktisk litt spennande, og veldig uvant. Det gjekk heilt fint, men eg kan ærleg sei det er kjekkare å reise sammen med noken. I tillegg synst eg det var veldig dyrt å reise aleine. Eg har ikkje tenkt over det før, men når ein plutseleg skal bu på hotell aleine, og alltid ete aleine, så blir det fort veldig dyrt. Ellers gjekk det overraskande fint.                                

Denne gangen budde eg på Hudson Hotel like ved Central Park. Hotellet i seg sjølv var fint og gjennomført, det som derimot ikkje var like topp var servicen. Kan hende eg berre var litt uheldig, men synst vertfall det var litt leit. Det som derimot var positivt er takterassen deiras som har ein fantastisk utsikt, og beliggenheiten dersom du vil bu ved Central Park. Det tar deg ca 2 minutt å gå til nærmaste subway stasjon, det er ein sushi restaurant i nabobygget, og du finner eit senter like over vegen.

Tideligare har eg blant anna budd på Trump Soho. Viss ein ignorerar namnet så var hotellet heilt fantastisk, og absolutt å anbefale videre. Både beliggenheiten, romma, og servicen var heilt topp. Rommet vårt hadde den mest fantastiske utsikten, og verdens beste seng! Det einaste som er litt skummelt med det hotellet er at du ikkje har lyst å forlate det. (ps... når du sjekkar inn på hotellet får du utdelt eit skriv med ein del butikkar. Så lenge du bur på hotellet har du rabatt hos alle dei butikkane. Ganske kult ikkje sant?)

                                                   

Ein av grunnane til at eg elskar New York er at det er så utruleg mykje å sjå og finne på. Her er det verkeleg noke for alle. 

Central Park 
Du kan ikkje besøke byen uten å ta turen innom denne enorme parken. Visste du at den dekka 3400 mål i New York? Her kan du rusle rundt med kamera i hendene, du kan ta ein deilig lunch i "The Boathouse", besøke dyrehagen, eller berre slappe av på eit pledd i parken. Kvar gang eg har vore i New York har det vore 0 grader, eller mindre, så det nærmaste eg har komme ein lunch var å sluke i seg eit par jordbær på valentiesday for to år tilbake. Da var det -15 grader og ein vind på opp mot 20 meter i sekundet, så kor romantisk det var kan diskuterast. 

Brooklyn Bridge

Å gå over Brooklyn Bridge er eit must når du besøker byen. Så fort du begynnar å bevege deg mot Brooklyn vil du få fantastisk utsikt over Manhattan, og Brooklyn. Det er alltid veldig masse folk her så om du for eksempel er ute etter å fotografere ville eg ha komme like rundt soloppgang. Denne gangen når eg rusla over brua var det veldig kaldt, og dermed mindre folk, noke som passa meg heilt perfekt. Når du har kommet over til Brooklyn er det berre å utforske. Her vil du kunne besøke den populære instagram-spotten i Washington Street. 

Top Of The Rock

Å besøke "Top of The Rock" ved soloppgang eller solnedgang er heilt magisk, og ein opplevelse ein seint vil gløyme. Utsikten herfra er heilt fantastisk, og du vil både sjå Central Park og Empire State Building. Denne gangen valgte eg Empire istaden siden eg aldri hadde gjort det, og eg angra så fort eg kom opp. For det første er det veldig dyrt iforhold, og for det andre så er ikkje utsikten like bra. Så eg anbefalar heller Top Of The Rock. 

Processed with VSCO with a6 preset

Grand Central Terminal

Det er ikkje kvardag ein besøker ein så fin og gjennomført togstasjon, og den er verdt eit besøk i seg sjølv. Du vil lett kjenne deg igjen ut fra alle scener i filmar og serier som er spelt inn der. Ein veldig flott og unik bygning. 

China Town

Så fort du bevegar deg inn i China Town gløymer du at du faktisk befinner deg i New York. Ein kunne like gjerne vore i Asia på eventyr. Det var vertfall sånn eg følte det når eg rusla nedover gatene med kamera i handa. Her er det mykje spennande av både mat, restauranter, butikkar og mennesker. Eg har også høyrt rykter om at det skjer veldig mange sjuke greier her, uten å vite noke meir. Noken som kan oppklare det?

Little Italy

Er du like glad i italiensk mat som meg er dette himmelen. Her finner du godt utvalg av pasta, pizza, bakevarer og det meste du kan tenke deg. Eg har ete på fleire plassar her, og alltid vore fornøygd! I tillegg ligger det ein superfin julebutikk her. Desverre var den stengt på grunn av bytting av lokal no, men forrige gang eg var i New York blei eg heilt forrelska. Så mange fantastiske julekuler og pynt. Det nye lokalet er heldigvis berre flytta over vegen, så du finner den lett når du ruslar nedover. Om ikkje så berre spør, folk er veldig hyggelige. 

Flatiron Building

Denne høgblokka ved Madison Square har blitt ein av dei mest ikoniske bygningane i New York, og det er ganske spesielt å stå der å kikke opp på den utruleg smale bygningen. Visste du at når bygningen stod ferdig i 1902 så var det New York høgaste bygning? 

Processed with VSCO with a6 preset

Times Square

Det er eit must å oppleve, likevel er eg ikkje så glad i å tilbringe tid her, og ville aldri anbefalt noken å budd i området. Ekstremt travelt og veldig masse turistar, men er du i New York for første gang er det ein veldig spesiell opplevelse. Du vil også finne ein del butikkar og restauranter her. Blant anna ein stor HM og Sephora.

American Museum of Natural History

Eit av verdens mest berømte museum. Det ligger ved Central Park, og er perfekt på ein grå eller regnfull dag. Her kan du tilbringe mange timar, og oppleve alt fra utstoppa dyr til dinosaurar til urbefolkning. Forbered deg gjerne på litt kø og venting, så om det regnar ville eg tatt med ein paraply for køen går ofte eit stykke oppover gata. 

9//11 Memorial and Museum

Her finner du minnesmerke der tårnene stod før 11 september. Her ligger også museumet der du kan sjå filmar, reportasjar, lydklipp og bilder og historiar om alle dei omkomne. Ein veldig sterk og spesiell opplevelse. 

Andre ting

Det her var kun eit lite utdrag. Andre ting eg kan nemne er Statue Of Liberty, Coney Island, The High Line, Metropolitan Museum Of Art, Museum Of Modern Art, Bronx Zoo, Washington Square Park, Ground Zero, New York Public Library, Lincoln Center, New York Botanical Garden, Chelsea Market, og enda meir. Som sagt, denne byen har nok av ting å gjer og sjå. 

                                              

The Butcher's Daughter

Eg er ganske sikker på at du har sett eit bilde eller to herfra på instagram. Ein stor favoritt blant influensera, bloggera og meg sjølv. Dei har ein utruleg fin meny med mykje godt, gode juicar, fint lokale og hyggelige ansatte. Ein perfekt plass å starte dagen, eller som ein pause i shoppingen i Soho. 

Processed with VSCO with a4 preset

While We Were Young 

Eg blei tipsa om denne plassen av fleire personar før eg reiste til New York, og så fort eg gjekk inn i lokalet skjønte eg kva dei snakka om. Herregud for ein vakker restaurant! Så utruleg gjennomført fra start til slutt. Maten var heilt fantastisk, og det samme var drinkane. Vil gjerne anbefale signatur drinken deiras "While we were young", og deiras heimelaga pasta. 

Processed with VSCO with a6 preset

Shake Shack

Berre å skrive namnet gir meg vatn i munnen. Verdens beste hamburger og milkshake, og veldig billig. Trenger eg eigentleg sei meir? Det finst fleire restauranter rundt om i byen, men du må forvente deg ein kamp om sitteplassane. Det er alltid fullt! 

Jack's Wife Freda

Denne plassen har eg sett over alt på instagram dei siste måndane så eg var rett og slett veldig spent. Ville maten stå til forventningane? Eg tok frukosten min her den eine dagen, og det var eit veldig smart valg. Veldig god mat, god juice og eit lekkert lokal. Det einaste eg angra på er at eg ikkje åt lunch eller middag her. 

Norma's

New York's beste pannekaker? Eller New York's dyraste pannekaker? Eg er usikker på kven av dei eg skal velge. Pannekakene var heilt fantastiske, og det var mat til minst tre. Eg fekk også gratis påfyll av juicen og smoothie på kjøpet, men... eg betalte litt i underkant av 500 kroner. Er det berre eg som synst det er heilt sjukt? For pannekaker og juice til frukost? Eg velger likevel å ta med plassen sidan det var supergodt, men det er vertfall greit å vite at det kostar. 

Processed with VSCO with a4 preset

The Smith

Dette er ein av dei første plassane eg besøkte i New York for tre år sidan, og har vore ein favoritt sidan. Dei har veldig mykje bra på menyen, ein veldig fin og gjennomført restaurant, og veldig hyggelige ansatte. Her kan du kose deg aleine uten å føle deg aleine. Eg veit at det er fleire restauranter i byen, men min favoritt er den som ligger oppe ved Central Park. 

Delicatessen

Det var på denne restauranten eg smakte trøffel fries for første gang, og dermed opna den døra til ein heilt ny verden for meg. Dette var for tre år sidan, og no har det blitt veldig vanleg her i Norge også, men likevel er det alltid kjekt å stikke innom når eg er i byen. Hamburger + trøffel fries = lykke! 

Dominique Ansel Bakery

Eg trur dei fleste har høyrt om denne plassen. Anten på instagram eller i media. For denne plassen har blitt superkjent for sine cronut's. Eg måtte sjølvsagt prøve, og etter å ha stått i kø i 40 minutt var det min tur. Månedens cronut var med blant anna banan, og den smakte heilt supert. Eg har også blitt anbefalt forzen s'mores her, så det må eg prøve neste gang. 

Le Pain Quotidien 

Ein perfekt plass for å starte dagen, eller ta lunchen! Eg er veldig glad i avokado toasten deiras, men har prøvd fleire ting på menyen og alt er supergodt! Så uansett kva du bestiller trur eg du blir fornøygd. Prisane er også ganske greie. 

Andre plassar

Ellers har eg fått anbefalt Buddakan, The Spotted Pig, The Standard Grill, Hakkasan, Max Brenner, Balthazar, Tao, The Spotted Pig, Fette Sau, Pop Burger, Dos Caminos, Two Hands, og Cha Cha Matcha. New York er heilt fantastisk når det kjem til mat og utvalg, og ein kjem aldri i mål med å teste ut plassar. Noke som eigentleg passa meg heilt perfekt. Da må eg jo tilbake sant?

                                                  

Soho

Soho er min favorittplass i New York. Både når det gjelder å bu, å ete og å handle. Her finner du mange fantastiske butikkar, og ein kan gjerne bruke fleire dagar her. Du finner blant anna Sephora, Bloomingdale's, VS, Topshop, HM, Zara, Mango, Converse, Aldo, Glossier, Urban Outfitters, Chanel, Prada, Louis Vuitton, What Goes Aroun Comes Around, & Other Stories, Marc Jacobs, Alexander Wang, Birchbox, Cos, A Second Chance og enda meir. Det er som regel her eg handlar, og eg brukar generelt lite tid i butikkar andre plassar. 

Barneys​ 

Eit veldig kjent og populært varehus med produkter eg berre kan drømme om. Her snakkar me alt fra vesker til Hermes klokker. Det som derimot er veldig spesielt med Barneys, og det eg likar aller best er den fantastiske etasjen med kosmetikk og hudpleie. Alt er så utruleg gjennomført. Fra produkta til design til interiør. Det må opplevast! 

Processed with VSCO with n1 preset

Saks Fifth Avenue & Bergdorf Goodman

Samme prinsipp som Barneys. Store varehus der du finner det aller meste under samme tak. Det er ein opplevelse i å rusle rundt der i seg sjølv, og spesielt no før jul. Dei ansatte er veldig hyggelige, og ein får god hjelp til det ein måtte ønske. 

Sephora

Eg har allerede nemnt Sephora under Soho, men Sephora er faktisk eit must. Her finner du mange spennande merker og produkter som me ikkje har i Norge. Noken merker du må sjekke ut er Too Faced, Tarte, Huda Beauty, Stila, Hourglass, Becca og enda meir. Det er litt varierande kva dei ulike butikkane har, så sjekk gjerne ut fleire. Dei merkene som derimot finst i Norge hadde eg derimot droppa å kjøpt, og heller kjøpt her heime. Mange av produkta er nemleg dyrare  enn heime. 

Glossier

Eg har sett mykje av desse produkta på instagram i det siste så eg var veldig spent når eg høyrde at dei hadde opna butikk. I tillegg til butikk har dei også eit showrom. Heile opplevelsen var dødskul, og det er faktisk eit must å oppleve. Kom gjerne så fort dei opnar for det blir fort veldig fullt i løp av dagen. Produkta er faktisk ganske gode og billige! 

Ricky's

Kvar gang eg er i NYC må eg innom Ricky's. Ein himmel av hårprodukter til ein veldig grei pris, og mange andre spennande produkter. Du finner blant anna The Ordinary og produkter fra Bioderma. Dei ansatte er veldig flinke og tilbyr deg så mykje hjelp du berre måtte ønske. 

Urban Outfitters 

Ein butikk med veldig mykje kult. Veldig mange kule plagg, men det som alltid fangar min oppmerksomheit er delen med kosmetikk og hudpleie. Dei har alltid så mange spennande merker. Merker du gjerne har sett på youtube og lest om i magasin, men aldri funnet i butikk før. Blant anna produkter fra Mario Badescu og Pixi. 

                                                   

Kino

Ein av mine favoritt ting å gjer når eg er i New York er faktisk å gå på kino. Heile stemninga og opplevelsen er heilt annleis enn her i Norge. Eg gjekk på kino aleine for første gang no, og det var faktisk overraskande hyggelig. Det som gjorde det ekstra hyggelig var at eg blei snakkande med to damer som også skulle på kino aleine. Eg fekk til og med godteri av ho eine. Det hadde aldri skjedd i Norge, aldri. Det er mange kinoar rundt i byen, alt fra dei moderne til dei gamle og klassiske. Eit pluss er at du får sjå filmane før dei kjem på kino i Norge. 

Broadway Shows

Er det lov å anbefale noke du enda ikkje har vore på sjølv? Det er faktisk ganske pinlig å ha besøkt byen tre gangar uten å ha fått med seg eit einaste show! Sist me var i New York hadde me kjøpt billettar, men plutseleg kom pengane i retur og me fekk mail om at det var utsolgt. Veldig kjedelig. Heldigvis er det fleire sjansar! Alle seier at det er ein veldig kul opplevelse og eit must når ein er i byen. 

Subway

Det er veldig lett å ta taxi, men å ta subway er ofte mykje raskare og billigare! Systemet er veldig lett å forstå, og det er både godt skilta og gode kart med banesystem. Om du skulle ha problem med å forstå noke er det berre å spør noken. Folk hjelper deg gjerne. 

Felles transport til og fra flyplass

Eg har normalt tatt taxi til og fra flyplassen, men denne gangen booka eg derimot ein "shuffle service". Det er veldig enkelt, og veldig billig. Eg betalte rundt 20 dollar fra hotellet til flyplassen. Taxi hadde gjerne kosta rundt 100 dollar, så her sparar ein mykje. 

Den beste måten å bli kjent med byen på er faktisk å gå. Da går du over mykje du gjerne ikkje hadde sett ellers, og du oppdagar gjerne ein ny favorittplass! I tillegg er det jo gratis trim, og det takkar ein jo aldri nei til! 

Kom gjerne med andre tips og anbefalingar om du har!

Gili Meno - Paradis

Etter to veker på rundreise i Bali følte me oss ikkje ferdige. Verken med sjølve ferien eller å utforske. Så me kontakta flyselskapet, og noken tima seinare var nye billettar i boks, og me hadde plutseleg ei veke ekstra. Me hadde verken hotell, destinasjon, eller i det heile ein tanke om kor og kva me skulle gjer. Etter litt kom me heldigvis fram til at me ville bevege oss vekk fra Bali, og utforske dei små øyane. Valget falt på Gili Meno. 

Gili Meno er den øya av dei tre Gili øyene som er minst utvikla. Du kan ikkje forvente deg så bra internett eller at strømmen er der heile tiden, men du får derimot oppleve paradis. For Gili Meno er verkeleg definisjonen på ordet paradis. 

Etter ein lang reise fra Seminyak til Gili Meno som inkluderte både buss, båt, ny båt og hest&kjerre, så var det heilt magisk å komme fram. Me booka rom på Les Villas Ottalia, og der endte me opp med å bli heile oppholdet. Hotellet ligger litt inne på øya, men det tar deg nøyaktig tre minutt å sykle til stranda. Øya er jo ikkje stor i det heile, og dermed er det ikkje så veldig nøye kor ein bur. Hotellet hadde ein overraskande bra standard, og me fekk vår eigen villa med basseng. I tillegg hadde dei eit lekkert basseng på felles-området, og ein veldig god frukost. Kan ein eigentleg ønske seg noke meir?

Processed with VSCO with c7 presetProcessed with VSCO with c7 presetProcessed with VSCO with e2 preset

På hotellet stod det alltid 10 syklar ein kunne få låne, for sykkel eller hest&kjerre er nemleg den einaste måten å komme seg rundt på øya. I tillegg til å gå sjølvsagt. Den følelsen når ein sykla rundt på dei smale vegane under palmane var heilt magisk. Like morsomt var det på kveldane etter me hadde vore ute å ete når me skulle finne heim. Sjølv om øya er veldig liten er det så utruleg mange små vegar der, og det er så skremmande fort å sykle seg vekk i mørket. Eg trur det skjedde med oss ca kvar kveld, og me endte ofte opp med å ha sykla rundt heile øya, både ein og to gangar. Heldigvis var det ikkje så veldig skummelt der ein syklar under ein magisk stjernehimmel, og det einaste du kunne møte på var høne eller ei kyr. 

Etter å ha savna å kunne bade skikkeleg på Bali var det no heilt fantastisk å komme til Meno. Dei vakraste strendene du har sett, og nesten ingen bølger eller straumar. Det aller beste er at det er så mange strender at du kan faktisk kan få di eiga strand heilt aleine. Det er kanskje den aller største kontrasten i forhold til Bali som er full av turistar, og at ein ligger arm i arm på dei mest populære strendene. På Meno var stemninga heilt annleis, og ein kunne verkeleg slappe av, og nyte ferien. Så det var akkurat det me gjorde.

Processed with VSCO with c8 presetProcessed with VSCO with a1 preset

Utvalget av restauranter er ikkje det største, men det er meir enn nok. Me fekk tips om "MAHAMAYA", og der åt me fleire gangar. Veldig fin restaurant, veldig god mat, og den perfekte plassen å nyte solnedgangen. Mitt tips her er å booke bord. Det er kanskje den mest populære restauranten på øya, og om ein dermed da vil ha eit bord lengst nede mot sjøen er det lurt å booke litt i forvegen. Utenom den åt me ein del på Cafe Gili. Veldig godt utvalg, god mat og den beste banansplitten eg har smakt på mange år! I tillegg var dei ansatte veldig hyggelige og hjelpsomme. 

Processed with VSCO with c8 presetProcessed with VSCO with e4 preset

Det er litt begrensa kva ein kan gjer på øya utenom å bade og kose seg i sola, men noken forslag er å dykke ned til dei undervanns-skulpturane, snorkle for å sjå skilpadder, besøke Gili T eller Gili Air, eller rett og slett ta seg ein dagstur til Lombok. Eit lite tips er å snakke med dei lokale, dei er som regel veldig hjelpsomme, og gir ofte litt bedre(billigare) tips enn dei som jobbar med turistane.  

Processed with VSCO with e2 preset

Gili Meno var heilt fantastisk, og absolutt den mest magiske og fredfulle plassen eg har opplevd. Ein perfekt avsluttning på oppholdet i Bali. 

Oslo favoritt!

Processed with VSCO with hb1 preset

Mathallen på Vulkan her i Oslo har blitt ein av mine absolutte favorittar. Det er ein tideligare industrihall som har blitt gjort om til nettopp ein mathall. Ein hall der du finner ulike matbutikkar og serveringsplassar. Eit veldig kult og relativt nytt konsept her i Norge. 

Processed with VSCO with hb1 preset

Du kan kjøpe mat og drikke fra dei plassane du vil, og deretter slå deg ned ved serveringsplassen eller på sitteområdet i midten. Med andre ord er det heilt perfekt for jentekvelden der ein ikkje blir enige om kva ein har lyst på, eller for å for eksempel gjer ein date litt meir spennande med å lage seg ein tre-rettars sjølv. Her kan ein verkeleg kose seg med mykje god og forskjellig mat. 

Processed with VSCO with hb1 preset

Min absolutte favoritt er pulled turkey sandwich som du ser på bilde nedenfor. Den er veldig god, mettande og kostar kun 85 kroner. I tillegg er eg veldig glad i makronane fra SebastienBruno og sushien fra Obento Box. Ellers merkar eg at eg kanskje må bli enda flinkare å prøve ut dei andre plassane, for eg har høyrt mykje bra om både Via Italia, Pizzavino og Noodles. Så det må bli neste gang! 

Processed with VSCO with hb1 preset

Om du enda ikkje har besøkt mathallen vil eg gjerne tipse deg om det. Perfekt på ein lørdag eller søndag der ein vil kose seg litt ekstra. 

Oslos beste pizza

Det er nesten ingenting som slår ein skikkeleg god pizza, og derfor passar det meg heilt perfekt at Oslos beste pizza er like rundt hjørnet fra leiligheiten. Eg snakkar sjølvsagt om Villa Paradiso. 

Processed with VSCO with a6 preset

Ein av dei tinga eg gledde meg veldig mykje til når eg flytta til Oslo for to år sidan var å endeleg ha litt meir utvalg. Av både kafear, restaurantar og uteliv. Eg kjem fra ei lita bygd med svært begrensa utvalg, så det å faktisk kunne velge og vrake var og er fortsatt stor stas. Så når me oppdaga Villa Paradiso for to år tilbake var det kjærligheit med "første smakebit, og det er det fortsatt. 

Processed with VSCO with j2 preset

Dei ligger perfekt plassert like over Olaf Ryes Plass på Grünerløkka, og har eit fint og stort lokal. På formiddag / dagtid i kvardagen går det som regel fint å få bord, men om kvelden og helgane ville eg nok ha booka. Rett og slett fordi det alltid er masse folk der, og gjerne ventetid på 30-60minutter. Om sommaren har dei servering ute også, som er min favoritt! Ingenting slår pizza og cola i sola. 

Processed with VSCO with a6 preset

Så over til det aller beste; pizzaen! Utan å overdrive er dette byens beste pizza. Fantastisk bunn, fantastisk fyll og verdens beste toppingar. Mine to favorittar er parma og indiavolata, men eg har lovd meg sjølv at eg skal prøve ein ny neste gang. Rett og slett fordi alle ser så sjukt gode ut. Dei har godt utvalg, så her skal det vere noke for alle. Om du derimot ikkje er så glad i pizza har dei faktisk litt andre rettar også. Blant anna salat, pasta, og entrecote. 

Processed with VSCO with a6 preset

Så om du er på utkikk etter ein bra pizza-restaurant i Oslo vil eg absolutt anbefale deg å sjekke ut Villa Paradiso. Om du derimot har ein anna favoritt vil eg gjerne høyre om den! Ein kan aldri få nok pizza sei. 

Bali guide - del 3

Processed with VSCO with a6 preset

Den tredje destinasjonen vår i Bali var Seminyak. Ein plass me hadde høyrt ganske lite om, utenom at det kunne vere ok som ein base viss ein skal reise rundt om i Bali, og at det var litt bedre utvalg av restaurantar og hoteller der. Etter det som føltest ut som ein vekes lang taxitur fra Ubud var det supergodt å endeleg komme fram. Me hadde booka rom på Golden Tulip Devins Seminyak, og det stod til all forventing. Utruleg fint og gjennomført hotell, med ein super beliggenheit. Me hadde vårt eige bobblebad på rommet, og eit stort svømmebasseng på taket. I tillegg til ein restaurant med utsikt over både byen og havet. 

Processed with VSCO with a6 presetProcessed with VSCO with a6 presetProcessed with VSCO with a6 preset

Den siste delen av oppholdet i Seminyak forflytta me oss derimot over i ein Villa med namn "Soobali white stone". Den villaen er den finaste og mest gjennomførte eg har sett og budd i, og eg ville faktisk ikkje reise derfra. Både interiøret og stilen var så gjennomført og fint, og plasseringen kunne faktisk ikkje ha vore bedre. Så om du skal til Seminyak er det faktisk eit must å sjekke ut den villaen. Sjå og les meir her

Processed with VSCO with e7 presetProcessed with VSCO with e7 presetProcessed with VSCO with e7 preset

I seminyak brukte me mykje tid på stranda. På kvar vår solseng med ei bok i handa. Etter første delen av ferien der me hadde brukt all tiden på å utforske var det no fantastisk å slappe av litt, og faktisk nyte ferien. Strendene i Seminyak er fine, men kanskje ikkje dei beste for ein badeferie. Det er ikkje så lett å bade der på grunn av store bølger, men derimot fint for å slappe av. I tillegg var det ganske billig å leige solseng. Husk berre å prut, ellers lurer dei deg gjerne for litt ekstra. 

Processed with VSCO with e4 presetProcessed with VSCO with a6 preset

I "sentrum" finner du eit veldig fint kjøpesenter, ein del fine butikkar og fleire veldig bra restaurantar / cafear. Eg kan for eksempel anbefale Ultimo der me åt to gangar. Ein veldig fin italiensk restaurant med veldig god mat, fint lokal og god service. Prisen var heller ingenting å klage på. Om du derimot er gira på fastfood vil eg anbefale Bossman. Her finner du supergode hamburgarar og fries. Dei skal også ha pluss for eit veldig kult lokal. Ellers er det sinnsjukt mange fine og kule plassar så her har ein faktisk masse å velge mellom. Alt fra meksikansk til gresk til indonesisk. 

Processed with VSCO with a4 preset

Like attmed hotellet vårt låg ein skjønnheitssalong som eg besøkte ein av dei siste dagane, Spring Spa. Der fekk eg manikyr med gel-lakk og betalte rundt 200 kroner. Lakken holdt seg faktisk fin i ein månad, og både lokalet, servicen og opplevelsen var super! Så det kan eg gjerne anbefale videre. Dei har og frisørsalong i andre etasje, og fleire behandlingsrom til blant anna massajse, ansiktspleie og meir. Så her kan ein lett slå av noken timar. 

Les del ein og to her og her

Oslos beste utsikt

Noke av det eg likar best med Oslo er at eg aldri føler eg blir ferdig å utforske byen. Sjølv om eg no har budd her i over to år, og er generelt ganske flink til å bevege meg rundt, er det alltid nye ting eg ikkje har sett eller gjort. Slik som den fine utsikten fra Ekebergparken. 

Så seint i går kveld fant eg og Mats ut at me ville gjer det. Me kasta oss på den første trikken, og etter eit bytte og nokre stopp var me framme. Me rusla litt oppover i mørket, og før me visste ordet av det hadde me ei fantastisk utsikt over byen. 

Processed with VSCO with j5 preset

Når eg stod der stakk det litt i hjerte for første gang på ei stund, og eg kjente at eg fekk skikkeleg heimlengsel. Ikkje akkurat fordi Oslo minna meg om Leikanger i mørket, men heller fordi me stod der heilt aleine, i mørket. Dei einaste lydane var ein bil eller to nede på vegen. Den følelsen når skuldrane endeleg senkar seg, og ein kjenner den kalde lufta biter i ansiktet.

Det var ein god følelse. 

Oslos beste kakao

Processed with VSCO with a6 preset

På ein mørk og våt høstdag er det ingenting som er så godt som å kose seg inne med ein god og varm kopp kakao. Gjerne toppa med både krem og marshmallows. Derfor passar det meg heilt perfekt at den beste kakao i Oslo kun er eit par skritt unna leiligheiten. 

Processed with VSCO with a6 preset

Litt gjømt på hjørnet attmed Grünerløkka skule finner du Cocoa. Norges første og einaste kakao-bar. Lokalet er lite og intimt, men heilt perfekt for ein date, venninnehygge eller ein plass for å slå av eit par timar med ei god bok eller jobb. 

Processed with VSCO with a6 preset

Dei har mange forskjellige typar kakao med forskjellige smakar og toppingar, men min favoritt så langt er klassisk kakao toppa med marshmallows. Den er fantastisk! I tillegg til kakao har dei godt utvalg av både kaffe, milkshake, smoothie og små-rettar. Så om du derimot er litt svolten er det nok av fristelsar her også.

Processed with VSCO with a6 preset

Kanskje du allerede har lagt merke til det, men viss du kikkar godt på det første bilde vil du sjå eit lite skilt der det står express-bar. Dei har nemleg ei søt lita luke i veggen sånn at du kan bestille med deg ein kopp kakao eller kaffe på farten. Genialt, ikkje sant?

Har du besøkt Cocoa?

Bali Guide - del 2

Etter Uluwatu stod Ubud for tur. Ein plass som me hadde høyrt veldig mykje om, og som me var både spente og nysgjerrige på å utforske. Ville plassen leve opp til forventningane? Svaret er både ja og nei.

Processed with VSCO with e7 preset

Fra Uluwatu til Ubud reiste me med taxi. Det var relativt greit sett vekk i fra sjukt masse trafikk, og mangen nesten-ulykker, men det trur eg ein må forvente når ein er i trafikken i Bali. Det MÅ opplevast! I Ubud hadde me booka rom på Champlung Sari. Hotellet ligger veldig sentralt til som nabo til Monkey Forrest, og er dermed heilt perfekt for deg som vil komme tett på dyrelivet i Bali. Her går det alltid aper rundt, og dei forsyner seg gjerne med det dei får tak i. For eksempel var det ei dame som blei frastjålne badeskoa sine mens ho svømte. Kva skal vel ein apekatt med badesko?! Det er også heilt umuleg å sitte på verandaen å for eksempel ta seg ei brus, da kjem dei hoppande fra eit tre. Så om du derimot vil ha avslapping og luksus er ikkje dette plassen for deg. Da ville eg heller ha sjekka alle dei fantastiske hotella som ligger litt utafor sentrum. 

Processed with VSCO with a9 presetProcessed with VSCO with j5 preset

Ubud er ein rar miks mellom støy og mas, og avslappande og vakkert. Det er mykje støy, trafikk som aldri stoppar og spørsmål om massasje eller taxi for kvar meter du går. Likevel vil du finne sjarmerande butikkar, koselige kafear, sjarmerande marker og verdens beste taco på Taco Casa. Om du derimot bevegar deg ut av sentrum vil du finne dei magiske plassane du ser på instagram. Tegalalang Rice Terrace og Campuhan Ridge Walk er absolutt å anbefale, men skal du besøke plassane så gjer det om morningen, eller seint på kvelden. Midt på dagen er det fullt i turistar, og du går rett og slett i kø. Om du derimot får plassane for deg sjølv er det heilt magisk. 

Processed with VSCO with j2 presetProcessed with VSCO with a9 presetProcessed with VSCO with a6 presetProcessed with VSCO with a9 preset

Ubud er heilt fantastisk og unikt på mange måtar, men på ein anna måte er det lett å bli litt skuffa. Ting er gjerne ikkje sånn som det ofte kan virke når ein skrollar nedover på instagram eller leser på bloggar, og mange av dei største turist-attraksjonane har blitt relativt øydelagte av turistane. Trist, men sant. Likevel er Ubud eit must å besøke når ein er i Bali, men 2-3 dagar er absolutt nok. Me hadde fem, og det var gjerne tre dagar for mykje. Du rekker over veldig mykje på ein dag. 

Følg med videre på del 3. 

Bali guide - del 1

Kor skal eg eigentleg begynne? Bali var heilt fantastisk. Det er så utruleg mange vakre plassar der, og så mykje å både gjer og sjå. Me hadde i utgangspunktet to veker, men to veker blei plutseleg til tre. Likevel følte me oss ikkje "ferdige" eller klare til å reise heim i det heile. Så husk å ha litt tid, spesielt om du vil oppleve fleire plassar. Sjølv om Bali var veldig spennande og flott, var det veldig slitsomt. Eg trur dei som har vore der kan kjenne seg igjen i det eg skriver. Eg har aldri vore ein plass der folk har vore så pågåande, eller ein plass med så sinnsjukt mykje trafikk. Likevel hadde me ein heilt super ferie, og Bali er faktisk eit must å oppleve ein eller anna gang iløp av livet.

Processed with VSCO with e2 preset

Uluwatu

Den første destinasjonen i Bali var Uluwatu. Der hadde me booka rom på Suarga Resort Padang Padang Beach. Eg trur det einaste ordet som kom ut av munnen vår når me endeleg kom fram var " wow ". Eit utruleg vakkert og unikt hotell med den mest magiske utsikten ein kan tenke seg! Rommet vårt blei oppgradert til ein villa, og me hadde det heilt perfekt. På hotellet har dei også ein restaurant som me faktisk endte opp med å ete på omtrent kvar kveld(!). Rett og slett fordi maten var så sinnsjukt god, og fordi hotellet ligger litt vanskeleg til, og ein er avhengig av scooter eller taxi for å bevege seg rundt. Som det aller meste i Uluwatu.

Processed with VSCO with e4 preset

Processed with VSCO with e2 presetProcessed with VSCO with c8 presetProcessed with VSCO with a6 preset

Naturen og landskapet er heilt unikt i Uluwatu, og det er der ein finner dei flotte strendene. Me besøkte blant anna Padang Padang beach og Dreamland Beach. Sjølv om strendene er veldig flotte er det ikkje hit du reiser for å bade. Faktisk bada eg ikkje her i det heile. Bølgene er på størrelse med fjell, og det passar seg absolutt best til surfing. Men soling derimot, det har ein mykje tid til her! Eit lite tips er å komme relativt tidelig på dei mest populære plassane for det fyller seg fort opp. Spesielt Padang Padang beach.

Processed with VSCO with c1 presetProcessed with VSCO with e6 preset

Ellers er Uluwatu ein veldig rolig plass. Folk er der somregel for å slappe av, på bryllupsreise eller for å surfe. Er du på tur for å feste eller på tur med vennegjengen ville eg heller kikka på ein anna destinasjon som base, og heller ta dagsturar til Uluwatu. Me blei derimot heilt forrelska, og angra på at me ikkje tok oss enda meir tid der. Ein ting er vertfall heilt sikkert, me skal tilbake eingang!

Processed with VSCO with a9 presetProcessed with VSCO with a9 preset

Følg med videre på del 2.

Drømmedag med Steen og Strøm

Du veit alle dei konkurransane på instagram der ein kan vinne ved å tagge ein venn? Dei konkurransane ein gløymer litt rett og slett fordi ein aldri vinner? I forrige veke skjedde nettopp det utrulige. Eg og bestevenninna mi vant nettopp ein sånn konkurranse. Ein drømmedag med Steen og Strøm under Oslo Runway!

Marlen kasta seg på natttoget fra Bergen, og me hadde verdens beste døgn i lag. Me starta dagen med å velge oss ut eit antrekk fra Line of Oslo på Steen og Strøm, og seinare venta både makeup, lunch og fiksing av hår av Adam og Eva. Eg trur me begge følte oss som verdens heldigaste jenter der me satt. Når me var ferdig styla rusla me bort på Sentralen der den første visninga til Line of Oslo venta. Det var også min første motevisning, så eg visste ikkje heilt kva eg skulle forvente. Den eine etter den andre moteprofilen dukka opp, og rekkene fyllte seg med velkledde og spennande mennesker. Lyset gjekk av og ut kom vakre jenter med like vakre antrekk.

Visninga var veldig fin og over all forventning, og eg gledar meg allerede til kolleksjonen kjem ut i butikk. Eg har nemleg sett meg ut både to og tre ting eg gjerne vil ha. Etter visninga rusla me tilbake til Grünerløkka, og tilbrakte resten av kvelden på favorittplassen, Villa Paradiso.

Bali guide - del 1

Kor skal eg eigentleg begynne? Bali var heilt fantastisk. Det er så utruleg mange vakre plassar der, og så mykje å både gjer og sjå. Me hadde i utgangspunktet to veker, men to veker blei plutseleg til tre. Likevel følte me oss ikkje "ferdige" eller klare til å reise heim i det heile. Så husk å ha litt tid, spesielt om du vil oppleve fleire plassar. Sjølv om Bali var veldig spennande og flott, var det veldig slitsomt. Eg trur dei som har vore der kan kjenne seg igjen i det eg skriver. Eg har aldri vore ein plass der folk har vore så pågåande, eller ein plass med så sinnsjukt mykje trafikk. Likevel hadde me ein heilt super ferie, og Bali er faktisk eit must å oppleve ein eller anna gang iløp av livet.

Uluwatu

Den første destinasjonen i Bali var Uluwatu. Der hadde me booka rom på Suarga Resort Padang Padang Beach. Eg trur det einaste ordet som kom ut av munnen vår når me endeleg kom fram var " wow ". Eit utruleg vakkert og unikt hotell med den mest magiske utsikten ein kan tenke seg! Rommet vårt blei oppgradert til ein villa, og me hadde det heilt perfekt. På hotellet har dei også ein restaurant som me faktisk endte opp med å ete på omtrent kvar kveld(!). Rett og slett fordi maten var så sinnsjukt god, og fordi hotellet ligger litt vanskeleg til, og ein er avhengig av scooter eller taxi for å bevege seg rundt. Som det aller meste i Uluwatu.

Naturen og landskapet er heilt unikt i Uluwatu, og det er der ein finner dei flotte strendene. Me besøkte blant anna Padang Padang beach og Dreamland Beach. Sjølv om strendene er veldig flotte er det ikkje hit du reiser for å bade. Faktisk bada eg ikkje her i det heile. Bølgene er på størrelse med fjell, og det passar seg absolutt best til surfing. Men soling derimot, det har ein mykje tid til her! Eit lite tips er å komme relativt tidelig på dei mest populære plassane for det fyller seg fort opp. Spesielt Padang Padang beach.

Ellers er Uluwatu ein veldig rolig plass. Folk er der somregel for å slappe av, på bryllupsreise eller for å surfe. Er du på tur for å feste eller på tur med vennegjengen ville eg heller kikka på ein anna destinasjon som base, og heller ta dagsturar til Uluwatu. Me blei derimot heilt forrelska, og angra på at me ikkje tok oss enda meir tid der. Ein ting er vertfall heilt sikkert, me skal tilbake eingang!

Følg med videre på del 2.

København

I påsken var eg og mamma i København, og for ein herleg by! Eg har vore der fleire gangar før, men eg føler meg aldri heilt ferdig med å utforske byen. Så å få enda bedre tid denne gangen passa meg heilt perfekt! Det aller beste med turen var nok å endeleg få litt kvalitetstid med mamma igjen. Det var både etterlengta og veldig nødvendig.

Me budde på Babette Guldsmeden, og det var heilt fantastisk. Hotellet har basert seg på eit økologisk / organisk konsept, og det var så utruleg kult og gjennomført. Maten var heilt fantastisk, romma var veldig unike og spesielle, og toalett-artiklane var så utruleg kule! Trur både eg og mamma blei veldig betatt av stilen, og alle dei gode såpene som du fant på rommet. I tillegg er plaseringen heilt fantastisk. Eit par minutt fra Den Lille Havfrue, og ca 7-8 minutt til Nyhavn, maks.

Sidan me valgte å reise midt i påsken var det meste av butikkar stengt stort sett kvar dag, men det passa oss faktisk heilt perfekt! Eg trur me alle har opplevd å gå i den fella med at 80 % av tiden har gått vekk til å rusle rundt i butikkar. Denne gangen fekk me derimot sjå og oppleve litt andre ting, slik som Dyrehaven. Dyrehaven er eit skogsområde litt utanfor sentrum, og der kan ein både rusle på tivoli, vere med på ridetur, eller rusle innover skogen og sjå det fine slottet, og alle hjortane som bur der. Veldig fin og spesiell opplevelse, og ein perfekt pause fra byen.

Ellers er det veldig mykje fint å sjå og gjer i sjølve byen. Den botaniske Have, Tivoli Nyhavn, Rosenborg Slot, Det Runde Tårn, Kastellet, Kongens Have, Strøget og enda meir. Sjølv er eg veldig glad i å faktisk berre rusle rundt i byen. Så mange fine og sjarmerande gater.

Ein anna ting som eg gjerne vil anbefale er Copenhagen Street Food. Det er ein fabrikkhall som har blitt gjort om til ein stor mathall, og du finner allslags mat der. Der kan du kjøpe litt av alt, ein god drink eller ei øl, og sette deg ned og berre nyte livet ei stund. Veldig kult konsept, og fine prisar!

Ein av dei tinga som eg synst er heilt fantastisk med København, sett vekk i fra alt det eg nettopp har skrevet, er all den gode maten. Ein av favorittane mine er 42RAW. Ein veldig populær plass med veldig god mat! Her snakkar me veldig "instagramfood". Me bestilte "brunch" og det er ein tallerken med miks av forskjellige rettar. Pannekaker, søtpotet fries, brød, avokado, musli og enda meir. Med andre ord, ein perfekt start på dagen! Når det kjem til middag endte me faktisk opp med å ete på hotellet to av kveldane, så det var ikkje så mykje me rakk å prøve ut der. Det me derimot rakk var den italienske restauranten Fiat. Ekstremt god mat, bra service og veldig sjarmerande og fint lokal. Eit must er å bestille Caprese til forrett. Det er uten tvil den beste eg har fått servert. Til hovudrett åt me begge pasta, og det supergodt!

I tillegg til desse har er fått anbefalt Mad & Kaffe, Grød, Pluto, Madklubben Bistro, Kødbyens Fiskebar og Aamanns. Så dei skal eg definitivt sjekke ut neste gang!

Girl power!

Hurra hurra for alle vakre og sterke kvinner!

Kvinnedagen er ein dag for feiring, men også ein påminnelse om at me fortsatt har ein veg å gå, spesielt enkelte plassar og for å ikkje snakke om andre land. Likevel er kvinnedagen for meg ein dag der ein skal minne kvarandre på kor viktig det er at me støttar kvarandre, løftar kvarandre opp og står i lag. For tenk så sterke og bra me er i lag. Så jenter, la oss bli enda flinkare til det <3

Food + Oslo = Love

Etter å ha budd i Oslo i 1,5 år no føler eg meg litt klar for å begynne å fortelle litt om mine favorittar og favorittplassar. Det er sjølvsagt veldig mange spennande plassar eg ikkje har prøvd ut enda, men her er vertfall fem favorittar i byen når det gjelder mat.

1. Delicatessen.

Er du gira på tapas er dette absolutt plassen å gå. Dei har tre restauranter her i Oslo om eg ikkje tar feil, men me er alltid på den på Grünerløkka. Både fordi det er ein kort spasertur unna, og fordi ein ikkje kan booke bord der. Med andre ord perfekt for oss som finner ut at ein vil ete ute i siste liten. Du risikerar gjerne litt venting, men da kan ein anten sitte ute med eit glas vin, sitte i baren eller rusle litt rundt i nærområde. Maten er heilt fantastisk, og dei har eit godt utvalg. Stemninga er intim og koselig, og servicen er alltid toppers!

2. Taco Republica.

Verdens beste taco! Taco Republica serverar taco på den ekte - meksikanske måten, og det er heilt magisk. Ein bestiller gjerne 2-3 per stykk, med ulike "toppingar". Eg elskar den med kylling, og den med både chorizo, kylling og storfe(?).  I tilegg til veldig bra mat har dei også spennande drinkar. Her vil eg gjerne anbefale å booke bord da det ofte er veldig fullt.

3. Villa Paradiso

Byens beste pizza? Me bur desverre litt for nærme Villa Paradiso, så her blir det ofte eit besøk eller take-away! Pizzaen er fantastisk, og det samme er både frukosten og lunchen dei serverar. Eg vil gjerne anbefale Dialova eller Parma viss du vil gå for pizza! Her kan det også vere lurt å booke bord om du ikkje vil risikere å måtte vente ei god stund. Villa Paradiso finst både på Frogner og på Grünerløkka.

4. Süd Øst

Ein miks mellom asiatisk og europeisk. Ein smaksopplevelse utan like! Süd Øst er ein av mine favorittar når me vil ha det vetle ekstra. Her har me både feira min bursdag, Mats sin bursdag og kosa oss gløgg i hel. Dei har ein fantastisk meny med veldig mykje spennande, men me ender ofte opp med smaksmenyen som heiter Yang. Den kostar 485 kroner per pers, og er ein bit av himmelen. Ein av dei beste smaks-opplevelsane eg har hatt i heile mitt liv. I tilegg har dei veldig mange gode drinkar, og ellers mykje bra! Her MÅ du booke bord, og kleskoden er gjerne litt finare enn dei andre plassane. Det står i stil til det veldig delikate og flotte lokalet.

5. Kverneriet

Denne her plassen tok hamburger til ein ny dimensjon! Fantastiske burgarar, fantastisk lokal og veldig god service. Det som er det negative med denne plassen er at det nesten er umuleg å få bord. Her må du anten vente 1t, eller booke i veldig lang tid på forhånd. Det eg derimot har hørt rykter om er at det kjem ein til restaurant her i Oslo om ei stund, så det gledar eg meg veldig til! Dette er vertfall plassen for supergode hamburgarar med ulike toppingar og smaker, og ekstremt gode fries! Trøffel og persille er ein stor favoritt hos meg.

Om du har ein favoritt som ikkje er med på lista her, tips meg gjerne!

Nobis Hotel

Midt i Stockholm finner du ein skatt av eit hotell. Eit hotell som vil gi deg ein magisk opplevelse fra start til slutt. Eg snakkar om Nobis Hotel. Hotellet som ein gang i tiden var banken på Norrmalmstorg der namnet Stockholmsyndromet oppstod. Hotellet som kan fortelle deg spenannde historiar og unike opplevelsar. Hotellet som er så vakkert at du er usikker på om du er med i ein film, eller eit eventyr. Hotellet du rett og slett ikkje vil sjekke ut i fra. 

Så i desember når eg og Mats skulle booke hotell i Stockholm var det ingen spørsmål eingang. Det måtte bli Nobis. Heile hotellet er så utruleg gjennomført og vakkert! Alt fra interiør til service og til dei små detaljane. Dei små detaljane som setter prikken over i'en. Det første som møtte oss når me opna døra inn til rommet vårt var ein fantastisk velkomst med eit hyggeleg brev, ei flaske champagne og eit lekkert fruktfat! Gjett om me blei både overraska og glade!

Romma er klassiske, stilreine og veldig gjennomførte, i likheit med resten av hotellet. Her også snakkar me om dei små detaljane. Slik som bøker om både hotellet og gruppa "designhotels", der ein kan drømme seg vekk blant unike hotell i heile verden. Eller at på kvart rom henger det ein liten engel på veggen(ser du den?).

Det er spesielt to ting med dette hotellet som stikker seg ut. Den første av dei er den unike og veldig vakre loungen. Har du sett noke så vakkert før? Verkeleg den perfekte plassen for å slappe av etter ein lang dag på shopping eller for å nyte eit glas vin eller ei spennande øl før middag. Me kunne fort ende opp å sitte her i mange timar. Så avslappande og fint!

Eg har også hørt rykter om at baren på hotellet (The Gold Bar) severer noken av dei beste drinkane i byen, så det må eg sjekke ut neste gang.

Den andre tingen som stikker seg ekstra ut er den magiske trappa. Første gang eg gjekk opp trappa var eg sikker på at eg var med i ein film eller eit eventyr. Eit veldig magisk og fint eventyr i såfall. Denne gangen hadde dei pynta med eit juletre nederst, og det gjorde det heile enda meir fint, om muleg. I fra trappa vil du også kunne sjå ned til loungen.

Etter eit fantastisk opphold, og ein super start på det nye året gledar eg meg veldig til å besøke både Stockholm og dette vakre hotellet igjen. Ein kort togtur unna Oslo gjer Stockholm til det perfekte reisemål for ei helg med kjæresten, venninna eller mor, og kva er vel bedre enn å kunne bu midt i smørauga på eit hotell som både gir deg ein spesiell opplevelse og følelsen av luksus og historie?

Gamla Stan

Me var så heldige å fekk tilbringe dei siste dagane i 2016, og dei første av 2017 i vakre Stockholm. Der hadde me booka oss inn på favoritthotellet vårt, og fekk noken heilt magiske dagar. Dagar med masse god mat, avslapping, rusling, og rett og slett masse hygge. Ein heilt perfekt start på det nye året.

Stockholm er generelt ein veldig fin og sjarmerande by, men er det ein del som stikker seg ut så er det Gamla Stan. Plassen der du føler du har gått tilbake i tid. Bydelen der du kan rusle i fleire timar i sjarmerande gater, kikke i dei mest unike butikkane eller berre nyte livet på ein kafe mens ein kikkar på alle dei spennande menneska.

Rundt dei mest kjente attraksjonane kan det bli ganske folksomt og ofte litt slitsomt, men så fort ein beveger seg litt vekk, vil du oppdage dei mest sjarmerande gatene der du kan rusle ganske lenge før du møter på noken. Perfekt for oss som surrar rundt med kamera i handa.

Ps. Dei har også veldig mykje god og spennande mat i denne delen av byen, så her kan du fort tilbringe ein heil dag!

Jul i vinterland

Det var i fjor eg oppdaga at når det nærmar seg jul og juletider blir Spikersuppa forvandla til eit magisk juleland. Her kan du gå å kikke i boder som selger dei mest sjarmerande tinga(verdens beste churros), nyte utsikten ut over Oslo fra parisehjulet, eller ha ein romantisk date på skøyter.

For dei små har dei både julegaveverksted, høgtlesing av juleeventyr, "Nordpolen" der ein kan besøke sjølve julenissen og julenissens gløgghus der ein kan kose seg med grøt og kakao. Med andre ord ein perfekt plass for både dei store og dei små.

Stemninga er rett og slett magisk, og eg gledar meg allerede til fleire turar hit før dei stenger ned 22. desember.

Stockholm & Nobis Hotel

Det er ingen tvil om at å reise er noke av det eg likar best og setter høgst. Eg elskar å oppleve nye plassar, møte nye mennesker, og det aller beste: å få ein liten pause fra kvardagen. For min del handlar det ikkje alltid om å reise lengst muleg vekk, tvert imot kan det nokre gangar faktisk vere minst like deilig å sleppe den lange reisen.

Så det er ikkje utan grunn at Stockholm er ein av mine favorittbyar. Reisen kan vere både kjapp og billig, og alternativa er mange. Ein kan fly, ta det daglige hurtig-toget som går mellom Oslo og Stockholm, nytte seg av buss eller sjølvsagt ta det som ein roadtrip. Byen i seg sjølv er jo fantastisk vakker, og det er både mykje å gjer og sjå på. I tillegg er det eit supert utvalg av både restauranter og butikkar. Her kan du finne søte nisjebutikkar, dei typiske kjedebutikkane og dei meir eksklusive forretningane. Med andre ord, i denne byen er det noke for alle.

Det eg derimot synst kan vere litt vanskeleg når eg skal ut å reise er å finne eit hotell. Ein vil jo så gjerne ha eit fint hotell med ein bra plassering til ein bra pris. Så er det heller ikkje eit minus om hotellet kan gi deg ein spesiell opplevelse, har ein kul eller unik stil,  eller ein spennande historie. I stockholm har eg funne "mitt" hotell. Eit hotell som har både ein spesiell stemning, ein spennande historie, eit lekkert design og bra plassering. Eg snakkar om Nobis Hotel.

Nobis Hotel ligger midt i hjerte av Stockholm, og er eit av dei vakraste og mest gjennomførte hotella eg har besøkt. Servicen var super, frukosten var fantastisk, og rommet var heilt perfekt med utsikt ut over Norrmalmstorg. I tillegg til dette har dei ein fantastisk lounge der det er heile 28 meter høgt opp under taket, og ei trapp som er verdt eit besøk i seg sjølv.

Ein anna spennande ting med dette hotellet/bygget er at det var her ranet av Kreditbanken på Norrmalmstorg skjedde. Ranet som har vorte oppstandelsen til begrepet Stockholmssyndromet. Det kan du lese meir om her.

Du huskar kanskje kor magisk det var å bu på hotell da du var liten? Kor spenannde og morsomt det var å gå rundt i gangane for å utforske? Akkurat den følelsen gav dette hotellet meg. Alt var så gjennomført, så spennande, og eg kunne omtrent ikkje vente med å få utforske. Du kan lese og sjå meir om hotellet her.

Så om du trenger ein liten pause fra kvardagen eller kvalitetstid sammen med mor/datter, kjæreste eller ei venninne så kan eg verkeleg anbefale Stockholm og Nobis Hotel. Det er nesten sånn at eg bookar ein tur no når eg skriver innlegget, for ei helg med god mat & drikke, hygge og kos hadde eigentleg vore heilt perfekt no.

City Smart

Etter at eg flytta til Oslo har eg blitt mykje meir bevisst over korleis skader ein utsetter huden for i kvardagen. Her snakkar me ikkje berre om sol, men også forurensing og andre miljøfaktorar. Visste du at heile 80% av tegna på aldrande hud kjem av nettopp dette? Faktisk viser nye studier at det er minst like viktig å beskytte huden mot akkurat dette, som å beskytte huden mot UV-strålar. Ganske skremmande, ikkje sant?

Så no i haust når Elizabeth Arden lanserte sitt nyaste produkt i Prevage serien, City Smart, var eg ikkje vanskeleg å be. Tvert imot. Eg trur faktisk eg jubla høgt. Eit fantastisk produkt som har som hovudoppgåve å beskytte huden vår mot forurensing, i tillegg til at den inneheld SPF 50 for å beskytte mot dei skadelige UV-strålane.

Eit produkt som har blitt eit must for meg, og som eg håpar kan bli ein fast del av hudpleierutina til mange kvinner rundt om i verda. For er det ein ting me alle veit så er det at det er lettare å forebygge enn å reparere. Så er det heller ikkje eit minus at produktet gir ein fin glød og gjer at sminken sitter bedre.

Les meir om produktet her.

Barcelona

Barcelona må vere ein av mine nye favoritt destinasjonar. For ein by! Når folk seier at Barcelona er den perfekte storby kan eg sei meg heilt enig. Det er ikkje så mange byar der du først kan shoppe på Chanel, for å så ligge på stranda eller ta deg ein fjell-tur etterpå. Her kan du shoppe i dei flottaste butikkane, du kan nyte dagen på stranda, ta deg ein fjelltur, vere skikkeleg turist, eller rett og slett nyte den magiske stemninga på ein restaurant med tapas på fatet og vin i glaset.

Eg og mamma var der fra tirsdag til søndag, og det var heilt perfekt. Nok av tid til å oppleve og nyte byen, få med oss turistattraksjonane og å faktisk slappe av litt. Eg veit mange reiser dit for ei helg eller langhelg, og det funkar nok veldig fint også.

Det er vertfall nok av ting å både gjer og sjå på i byen, så her må ein eigentleg berre velge ut. Me var skikkeleg turistar og hoppa på ein buss, på den måten fekk me med oss dei tinga som var litt utafor "sentrumskjerna" som Park Güell, fotballstadion, la sagrada familia, osv. Veldig grei måte å få sjå veldig masse på. Ellers er byen eigentleg ganske liten, så ein kan fint rusle til det aller meste.

Hello World

..var overskriften på mitt første bogginnlegg i 2013. Eller var det 2012?

Eg er faktisk ikkje heilt sikker, men er det ein ting eg er sikker på, ja så er det at det har begynt å bli ein del år sidan. Det eg har funne ut etter alle dei åra er at eg elskar å blogge. Eg elskar å fortelle, skrive og dele, og eg elskar å ha min eigen plass der eg kan gjer dette. Der eg kan vere min eigen sjef. Der eg kan lage mine eigen rammer og reglar. Det siste året derimot har eg hatt mangel på både motivasjon og inspirasjon, men når eg satt i bilen på veg heim til Sogn slo det meg. Det er jo dette eg elskar, og det er jo dette eg vil drive på med. Så kvifor ikkje gjer det?

Så her er eg. Klar for ein ny start. Ein ny start med blanke ark. Ark som eg skal fargelegge med dei finaste fargane i verden.