Skjønnheit

Sensitiv hud? Sjå her!

Det er søndag, og tid for ansiktsmaske. Denne gangen tenkte eg at eg skulle tipse om Evercalm Ultra Comforting Rescue Mask fra REN. Det er ikkje så veldig lenge sia den dukka opp i butikkhyllene, og den har vore ein favoritt hos meg sidan. Den er heilt genial! 

Maska er perfekt for deg som har stressa og sensitiv hud. Med andre ord - dei fleste av oss! Den er beroligande, reduserar rødheit, kløe og irritasjon i huden, samtidig som den er både gjennoppbyggande og gir masse fuktigheit. I tillegg er den heilt perfekt viss du er solbrent, når du er ute å flyr, eller vore ute i kaldt og surt vær. Noke me desverre har mykje av her i Norge. Anten det gjelder surt vær på Vestlandet, eller ein litt for kald vinterdag her på Østlandet. 

Eit anna stort pluss er at den ikkje er så veldig dyr heller. Det er noke av det eg elskar med produkta fra REN, veldig gode produkt til ein veldig grei pris! 

Bruk:

Påfør ein god mengde på nyrensa hud

La den virke i 10-15 minutter

Vask forsiktig av med ein bomullpads eller ein fukta vaskeklut

Avslutt med din vanlege hudpleierutine. 

Den kan brukast opp til tre gangar i veka, eller ved behov.

Har du prøvd denne? Eller andre produkt fra REN?

Verdens beste maskara!

Processed with VSCO with hb1 preset

Diorshow Iconic Overcurl blei lansert for ein del år tilbake, og har vore min favoritt sidan. Den gir superfin lengde, volum og den finaste bøygen på vippene ein kan tenke seg. Sidan eg har brukt den i så mange år følte eg for å bytte den ut i vår, og prøvde både ein, to og tre andre, men eg endte faktisk opp med å gå tilbake til den her kvar einaste gang. Den er rett og slett heilt fantastisk, og gir meg alt eg ønsker fra ein maskara. Eit anna stort pluss er at eg aldri har opplevd at den drysser. 

Processed with VSCO with hb1 preset

Eg vil faktisk gå så langt å kalle det her verdens beste maskara, vertfall om du liker den type børste og dei litt "tørrare" typane, slik som dior er.

Har du prøvd den? Isåfall kva synst du?

Ansiktsmaske

Processed with VSCO with hb2 preset

Det beste med søndagar er at det endeleg er tid for avslapping og eigenpleie. For meg betyr det gjerne eit magasin, ein smoothie og ei god ansiktsmaske. Denne  maska fra Elisabeth Arden Pro fekk eg for første gang for to år sidan i gave fra kjæresten min, og har blitt ein av mine absolutte favorittar. Den gir masse fuktigheit, samtidig som den gjer huden både jevnare og smidigare. Det som skjer når ein brukar produkt som gir masse fuktigheit er at det mettar ut mellomhuden, som igjen vil redusere synlegheiten av rynker og linjer. Med andre ord heilt perfekt etter ei travel veke med både skule og jobb. 

Bruk: 

Påfør eit tjukt lag på nyrensa hud

La den virke i 10-20 minutter

Vask forsiktig av med vatn

Avslutt med din vanlege hudpleierutine. 

Den kan brukast 1-2 ganger i veka, eller alt etter behov, og passar for alle hudtypar. Til og med på min super-sensitive hud. 

Tropic Sky

Inneheld sponsede produkter

Processed with VSCO with j6 preset

Eg huskar kjøpet av mi første rettetang som det var i går. Den var rosa, stor og litt for tung til å vere ei rettetang. Den blei kjøpt på Elkjøp til ein sum mellom 100 og 300 kroner. Eg var så fornøygd! Lykken vart likevel veldig kortvarig da den somregel blei altfor varm til å både rette håret med og å faktisk holde i. Så gjekk det heller ikkje så lang tid før den plutseleg ikkje ville gå på meir. Da eg noken månader etterpå begynte på videregåande, og fekk utdelt mitt aller første stipend var eg kjapp med å komme meg til ein frisøren der eg kjøpte mi aller første GHD rettetang. Fra det øyeblikket var eg solgt.

Processed with VSCO with e4 preset

Så i sommar når eg fekk høyre at dei hadde komme med ein ny kolleksjon med namnet " Ghd Wanderlust Collection" vart eg både nysgjerrig og veldig spent! For er det eit ord som alltid vekker oppmerksomheiten min så er det "wanderlust". Kolleksjonen består av fargerike og veldig lekre rettetanger og blant anna hårfønar i reisestørrelse! Rettetanga på bilde over er den som heiter Tropic Sky og har allerede blitt ein stor favoritt hos meg. Den har ein teknologi som motverkar at håret brekker og forsterkar glansen i håret. I tillegg kjem den i ein superfresh varmepose som er heilt perfekt å både oppbevare den i, og å ha med på reise. Så er rettetanga sjukt kul i seg sjølv.

Processed with VSCO with e4 preset

Det som faktisk er superviktig når ein først brukar ei rettetang, krølltang eller hårfønar er å huske å bruke varmebeskyttelse. Denne fekk eg med rettetanga, og den luktar heilt himmelsk! Det er nesten sånn at eg har lyst å bruke den uansett om eg skal rette håret eller ikkje. Eit anna stort pluss med den er at håret fortsatt følest lett og fint etterpå. Eg har tideligare brukt ein som har gjort at håret nesten følest seigt og tungt, så denne får 10/10 poeng hos meg.

hits