Skjønnhet

Fire ansiktsmasker til rundt 200 kroner

Det er ingen tvil om at eg elskar ansiktsmasker, og det var så kjekt når butikkane i Norge endeleg begynte å ta inn "dukmaskene". Ansiktsmasker som ser ut som tjukke ansiktsservietter, og er både enkle og effektive. For la oss sei sannheiten her. Dess mindre styr, dess bedre, ikkje sant?

Processed with VSCO with c1 preset

Favorittane mine kjem fra merket MaskerAide. Maskene derfra er både effektive, fuktigheitsgivande, antibakterielle, skånsomme, og passar for min veldig sensitive og intolerante hud. Eit anna stort pluss er at maskene ikkje inneheld verken parabener, mineraloljer, skadelige fargar eller kunstige parfymestoff. 

Processed with VSCO with c1 preset

MaskerAide har ni forskjellige produkt, til ni forskjellige behov. Eg har prøvd alle, og synst alle er superfine, men viss eg måtte velge ut to favorittar hadde det blitt maska som heiter Beauty Rest'ore og All Eyes On Me, gele-pads som skal brukast under augene. 

Processed with VSCO with c1 preset

Beauty Rest'ore er maska for deg som trenger ein skikkeleg boost til huden. Den inneheld blant anna honning, vitamin E, argainolje og grønnalge. Alle ingrediensar som vil verke gjennoppbyggande, pleiande og gi masse næring. Eit anna pluss for meg er at denne maska faktisk verkar beroligande på huden min. Når ein har sensitiv hud får ein lett reaksjonar og utslett, og denne roa faktisk ned både rødheit og utslett. 

Processed with VSCO with c1 preset

All Eyes On Me er mitt nye "must have" produkt. Gele-pads som du legger på området under augene, og er fuktigheitsgivande, oppstrammande og lysnande. Med andre ord perfekt for oss som sliter med permanente mørke ringar. Gele-padsa inneheld blant anna "100 Herb Complex" som består av 100 naturlige ingrediensar som i lag dannar eit skikkeleg boost til huden, med masse fuktigheit og næring. I itllegg til hyaluronsyre og rød ginseng. Eg pleier å legge pakken i kjøleskapet ei lita stund før eg skal bruke dei sånn at eg får den ekstra kjølande effekten. 

Processed with VSCO with c1 preset

Detox Diva er maska for deg som trenger ein liten oppfriskning. Den vil verke rensande og eksfolierande, samtidig som den minskar store porer, absorberar overflødig talg og beskyttar huden mot frie radikaler. Den inneheld blant anna honning, argainolje, sjøalger, og ekstrakt fra grønn te. Den perfekte maska etter ei lang og travel veke, og fantastisk til å ha med på storbyferien. 

Processed with VSCO with c1 preset

Pre Party Prep er produktet alle jenter og gutar burde ha i rutinen sin før fest, spesielle anledningar eller når ein vil føle seg litt ekstra fin. Maska inneheld blant anna olje fra appelsinskal, argainolje, honning og risekstrakt. Alle ingrediensar som vil jobbe med å gjennoppbygge huden din, gi ny energi og fuktigheit. Du påfører "duken" på nyvaska ansikt, lar den sitte i 10-20 minutter og avsluttar med din vanlege hudpleierutine. Deretter kan du påføre makeup, og ha ein morsom kveld på byen. 

Maskene kostar 59 per stykk, og ein finner dei hos utvalgte parfymeri. 

 

Den internasjonale jentedagen

I desember 2011 blei det bestemt at 11 oktober skulle vere den internasjonale jentedagen. Ein dag der ein setter søkelyset på dei utfordringane jenter rundt om i verda møter. Utfordringar som kan hindre skulegang, beskyttelse og muligheit til å bryte ut av fattigdom. Ein dag der me skal sette pris på det som har skjedd, men også som ein påminnelse om at me fortsatt har ein veg å gå. 

Denne dagen er utruleg viktig, på veldig mange måtar. Det som er ekstra fint på ein sånn dag er at veldig mange er flinke til å bruke stemma si, og å stå opp for jenter. Det vil eg også gjer, men på ein litt anna måte. Eg vil skrive det eg er glad for, og det eg aldri skal ta for gitt. 

♥Eg er glad for at eg blei født og oppvokst i eit land der jenter blir sett på som like verdifulle som gutar. 

♥Eg er glad for at eg har fått gratis utdanning.

♥Eg er glad for at eg kan gå i gatene her uten å vere redd, bli seksuelt trakasert eller oppleve ubehag. 

♥Eg er glad for at eg har akkurat samme muligheiter som broren min. At eg alltid har kunne gjort det han har gjort. 

♥Eg er glad for at eg sjølv bestemmer over min eigen kropp og mitt eige liv. 

♥Eg er glad for at det norske rettssystemet ser på kvinner like viktige som menn, og gir oss både hjelp og rettferdigheit. 

♥Eg er glad for at eg har muligheit til å ta høgare utdanning.

♥Eg er glad for at eg har muligheit til å få godt betalte jobbar, og kunne vere sjølvstendig. Kjøpe min eigen leiligheit, eller hus. 

♥Eg er glad for at eg har ei stemme. Ei stemme som blir hørt.

♥Eg er glad for å vere ei jente. 

Ti ting eg er glad for. Ti ting eg setter pris på. Ti ting som me ikkje må ta som ein sjølvfølge. Ti ting me må huske på. 

Så la oss sette pris på kor godt me har det, men ikkje gløyme at det har vore ein kamp for at me skal kunne ha det sånn. At  det fortsatt er ein kamp i veldig mange land. At det fortsatt er ein lang veg å gå. Så la oss jobbe for ein bedre verden for jenter. La oss stå sammen. La oss styrke kvarandre. Heie på kvarandre. La oss hjelpe kvarandre. 

Fire produkter du burde ha.

Processed with VSCO with a6 preset

♥Bare Minerals Bareskin Concealer. Det er ikkje så lenge sidan denne her concealeren kom på markedet, og den har allerede klart å stikke seg ganske bra ut med å bli kåra til årets concealer, og i tillegg blitt favoritten til både fleire kjendisar og bloggera. Eg måtte sjølvsagt kjøpe den, og den er faktisk like fantastisk som alle skal ha det til. Konsistensen er heilt magisk, og dekkevna er heilt perfekt! På grunn av den lette serum-konsistensen kan den brukast til både å dekke til røde prikkar, jevne ut ujevnhudtone og for å dekke mørke ringar under augene. Min nye favoritt concealer! 

♥Declare Perfect Eye Fluid. Denne her lille saken er ein MUST i ein travel kvardag. Den skal brukast morning og kveld for å redusere mørke ringar og posar under augene, samtidig som den gir fuktigheit og pleie. Med andre ord ein students bestevenn. Den kan også brukast over make-up ved behov, og er ekstra deilig etter ei lita stund i kjøleskapet. 

Processed with VSCO with a6 preset

♥ Londontown Lakur - Mauve Over. Er det lov å skrive at dette er verdens finaste neglelakk? Fargen er den perfekte nude / rosa tonen , og den passar like godt til fest som til kvardag. Neglelakkane fra Londontown er også milde, lette å legge og sitter supergodt. 

♥ Sabe Masson Soft Perfume - Eu Vent de Vous. Det er ikkje så lenge sidan parfyme i stift form var relativt ukjent i Norge, men heldigvis er det fleire og fleire som har fått augene opp for desse kule og praktiske stiftane. Parfymestiftane er basert på naturlige ingrediensar og oljer, og er både milde og skånsome mot huden. Denne er den perfekte miks mellom søt og krydra, og passar meg heilt perfekt! Eit stort pluss med desse parfymane er at dei er veldig praktiske å ha med seg i veska, og på reise. 

Den største trenden i høst

Eg kom over ein artikkel der det stod at neglelakk er den største trenden i høst, og det gjer meg så glad. For er det noke som er kult så er det fargerike og lekre negler. Den siste tiden har du kanskje sett at det har vore inn å ha forskjellige fargar på neglene, og det synst eg er så morsomt, rett og slett fordi det minna meg så mykje om når eg begynte å lakke neglene. Da var alle neglene malt i forskjellige fargar, og eg kunne ikkje ha følt meg meir voksen eller kul, for neglelakk var jo tross alt noke mamma brukte. 

Eg føler meg kanskje ikkje like voksen når eg puttar på neglelakk lenger, men jammen føler eg meg mykje bedre enn om eg går utan. Det er rart korleis ein så liten detalj kan ha så mykje å sei for både humør, antrekk og stil. Det er nesten sånn at eg føler meg naken utan. 

Etter ein heil sommar og tidelig høst med røde negler trengte eg no noke heilt anna, og da falt valget på dei her to fra Londontown. Nydelige fargar og perfekt mot høst. Eit anna stort pluss med lakkane er at dei sitter godt, er lette å legge og har ein fin pris på 179 kroner stykk, om eg ikkje huskar feil. Da har ein gjerne råd til både ein og to, om ikkje tre! 

Har du prøvd neglelakkar fra Londontown?

Tropic Sky

Inneheld sponsede produkter

Eg huskar kjøpet av mi første rettetang som det var i går. Den var rosa, stor og litt for tung til å vere ei rettetang. Den blei kjøpt på Elkjøp til ein sum mellom 100 og 300 kroner. Eg var så fornøygd! Lykken vart likevel veldig kortvarig da den somregel blei altfor varm til å både rette håret med og å faktisk holde i. Så gjekk det heller ikkje så lang tid før den plutseleg ikkje ville gå på meir. Da eg noken månader etterpå begynte på videregåande, og fekk utdelt mitt aller første stipend var eg kjapp med å komme meg til ein frisøren der eg kjøpte mi aller første GHD rettetang. Fra det øyeblikket var eg solgt.

Så i sommar når eg fekk høyre at dei hadde komme med ein ny kolleksjon med namnet " Ghd Wanderlust Collection" vart eg både nysgjerrig og veldig spent! For er det eit ord som alltid vekker oppmerksomheiten min så er det "wanderlust". Kolleksjonen består av fargerike og veldig lekre rettetanger og blant anna hårfønar i reisestørrelse! Rettetanga på bilde over er den som heiter Tropic Sky og har allerede blitt ein stor favoritt hos meg. Den har ein teknologi som motverkar at håret brekker og forsterkar glansen i håret. I tillegg kjem den i ein superfresh varmepose som er heilt perfekt å både oppbevare den i, og å ha med på reise. Så er rettetanga sjukt kul i seg sjølv.

Det som faktisk er superviktig når ein først brukar ei rettetang, krølltang eller hårfønar er å huske å bruke varmebeskyttelse. Denne fekk eg med rettetanga, og den luktar heilt himmelsk! Det er nesten sånn at eg har lyst å bruke den uansett om eg skal rette håret eller ikkje. Eit anna stort pluss med den er at håret fortsatt følest lett og fint etterpå. Eg har tideligare brukt ein som har gjort at håret nesten følest seigt og tungt, så denne får 10/10 poeng hos meg.

Flash Defence Anti-Pollution Mist

Det er ikkje så lenge sidan denne sprayen dukka opp i butikkane, og siden den gang har den vore eit MÅ HA produkt hos meg. Sprayen beskyttar mot forurensing og andre ytre miljøfaktorar som kan føre til tideleg aldring og sensitiv hud. I tillegg har den ein oppkvikkande effekt og den funkar perfekt som setting spray! Med andre ord ein perfekt bestevenn i kvardagen og med i veska.

Sprayen er fra merket REN som det siste året har blitt mitt favorittmerke. Av fleire grunnar. Dei har heilt fantastiske produkt, og prisen er veldig fin. Som student er det ein ting eg setter veldig stor pris på. Eg vil jo så gjerne ta godt vare på huden min, men samtidig har eg ikkje fleire tusen til rådigheit. Derfor er REN heilt magisk, der får eg nemleg gode produkt til ein pris som ikkje blakkar meg.

Du finner REN hos alle Fredrik & Louisa og diverse apotek.

Verdens beste concealer

BareSkin Complete Coverage Serum Concealer. For ikkje så lenge sidan kom Bare Minerals med ein ny concealer, og eg var veldig spent. Ville den leve opp til forventningane? Eller ville den skuffe meg? Er det ein ting den absolutt ikkje gjorde så var det å skuffe meg. Dette er den beste concealeren eg har prøvd i heile mitt liv. Konsistensen er lett og serum-aktig, men likevel dekkar den heilt fantastisk. Den er perfekt til å både dekke over ureinheitar og ujevnheitar, og for å skjule mørke ringar.

Mange brukar gjerne ein concealer til å skjule ureinheitar, og ein anna til under augene, men på grunn av den lette konsistensen og den fantastiske dekkevna kan denne fint brukast til begge, og dermed trenger ein jo kun ein. Det synst eg er ekstra positivt!

Har du prøvd ut denne? Om ikkje vil eg gjerne anbefale deg å gjer det!

Instant Light Lip Comfort Oil

På nyheitskurset til Clarins var me så heldige å fekk med oss ein goodiebag heim, og eit av produkta var denne magiske tingen her. Ein leppeolje som gir både superfin farge & glød, og som pleiar og gir næring til leppane. Det eg kanskje likar aller best med den er at den luktar heilt HIMMELSK! Ein perfekt miks mellom bær og godteri.

Denne heiter 02 Rasberry, men dei kjem også i andre smakar og fargar. Ein liten ting eg kan røpe er at det kjem ein spennande nyheit for oss som er glade i mint litt seinare i år! Det gledar eg meg veldig masse til. Enn så lenge skal eg klare meg veldig fint med den her.

Ps. Du får kjøpt desse hos Fredrik og Louisa, og andre parfymeri som fører Clarins, og dei har ein fin pris på 195 kroner.

Remove-it & Oil-it

Eg er alltid på jakt etter nye og spenannde produkt. Produkt som gjerne gjer kvardagen litt enklare, og litt diggare, om det er lov å sei. Remove it er ein neglelakkfjernar som er basert på soyabønner og naturlige ingredienser. Den fjernar skånsom lakken samtidig som den pleier, og har både A, C og E vitamin. Med andre ord ein fjernar som er skånsom og som ikkje tørkar ut neglene, slik andre kan gjer. Eit anna stort pluss er at den luktar veldig godt, noke som heller ikkje er så vanleg.

Det andre produktet er eit serum for både neglebånd og hender, Oil it. Serumet er i likheit med Remove it basert på soyabønner og naturlige ingredienser, og inneheld både arganolje, lavendell, vitamin A, C og E. Denne er heilt perfekt å bruke etter at du har fjerna lakken, eller når du føler deg tørr og treng den ekstra pleien. Ein veldig god venn no om vinteren når både negler og hud trenger all den pleie dei kan få.

Londontown

Eg er alltid på leit etter nye neglelakkar, og gjerne merker som både sitter godt, har eit bra utvalg av farger og som er lette å påføre. Merket Londontown/Lakur traff midt i blinken hos meg. Lakkane sitter veldig godt, dei inneheld florium complex (blanding av vitaminer, planteoljer og botaniske ekstrakter) som både styrker og pleier neglene, dei er lette å påføre, og dei har eit superbra fargeutvalg! Kva meir kan ein eigentleg ønske seg?

I tilegg til "vanlige lakkar" har dei også eit stort utvalg av meir pleiande og behandlande produkter, slik som oljen på bilete. I tilegg til den er eg veldig stor fan av den som heiter "drying oil". Den er heilt genial for oss som likar å ha fine negler, men hatar å vente på at lakken skal tørke. Med ein dråpe av den er lakken tørr på 1-2-3.

På bilete over er tre av mine favorittfargar for øyeblikket Lady Luck, Bell in Time og Best of British. Ein anna stor favoritt er bestselgaren Mauve Over, som er ein dus rosa/lilla nyanse. No gledar eg meg også veldig til vår og sommar, og dei litt meir lyse og duse lakkane. I tilegg til dei knæsje! Kva er vel meir lekkert enn solbrun hud med knall rød eller rosa neglelakk?

Christmas

Me har vel alle gått der, inn og ut av butikk etter butikk heilt blank på kva ein skal kjøpe. Eg har vertfall gått der, meir enn ein gang også. Heldigvis har eg blitt litt klokare etter nokre år i butikkbransjen, om det kjem av at eg stadig må hjelpe kundar til å finne julegaver til sine eller om det er fordi eg jobbar i eit paradis er litt usikkert. Ein ting er eg vertfall sikker på, og det er at dei aller fleste blir ekstremt glade for produkt som får ein til å føle seg litt bedre. Om det så er ein ny spennande duft, ein god krem eller ein ny leppestift som får oss til å stråle litt ekstra.

Ein sikker vinnar uansett om det er gave til ei venninne, mor, søster, tante, bestemor, eller kjæresten er gode kroppsprodukt. Alt fra body lotion, dusjsåpe, skrubb, oljer, eller andre spennande produkter. Ofte får ein kjøpt sånne produkt i fine gavepakningar no før jul, men eit anna lite tips kan vere å sette sammen sin eigen gavepakning. Kjøp produkta du vil ha, kjøp med ein fin gavepose eller ein kul gaveboks fra Søstrene Grene, og vips så har ein plutseleg ein veldig fin og spesiell gave.

På bildet over har eg satt saman tre fantastiske produkt fra Declare, ein body spray, body cream og verdens beste body oil. Kanskje dette kan vere eit fint forslag til ein julegave? Eg hadde vertfall blitt superglad!

Make up

Etter eg er ferdig med hudpleierutinen om morningen er det tid for å begynne på sminken, og det første på lista er alltid base/primer. Min favoritt for øyeblikket er Youngblood sin mineral primer. Den gir både fukt og næring, samtidig som den gjer at sminken sitter heile dagen. Eit anna stort pluss er at den ikkje inneheld silikon.

Etter å ha påført primer er det tid for foundation, og i det siste har eg brukt Natural Mineral Powder fra Youngblood. Det er ein mineral foundation og kan for mange sammenlignast med Bare Minerals. Det eg derimot kan fortelle som forskjell er litt ingrediensar, og at youngblood sin kan ein bygge opp fra lett dekkevne til FULL dekkevne. Så med andre ord: ein foundation for alle. Den gir huden ein fin glød, sitter godt, og har ein betennelsedempande effekt. Perfekt viss ein sliter med kviser.

Det siste produktet er mirakelpennen fra YSL. Den legger eg under augene, og der eg trenger litt ekstra highlight. Det er ikkje utan grunn til at eg kallar den mirakelpennen.

hits